Statlege verksemder

Statlege verksemder skal plasserast sentrumsnært, i tråd med klimamåla. Men om lag 40 prosent av verksemdene hamnar – ja, på jordet. Og talet på verksemder utanfor by- og bygdesentrum har auka dei siste åra.

Den gamle politistasjonen i Arendal låg midt i sentrum, den nye ligg utanfor. Byggherren var Statsbygg, men vedtaket om plassering vart gjort lokalt hjå politiet.
Den gamle politistasjonen i Arendal låg midt i sentrum, den nye ligg utanfor. Byggherren var Statsbygg, men vedtaket om plassering vart gjort lokalt hjå politiet.Den gamle politistasjonen i Arendal låg midt i sentrum, den nye ligg utanfor. Byggherren var Statsbygg, men vedtaket om plassering vart gjort lokalt hjå politiet.
Publisert

Det viser ei undersøking som Transportøkonomisk institutt (TØI) har gjennomført på oppdrag frå Statsbygg. Undersøkinga gjeld for perioden 2005 til 2016.

Dei såkalla planretningslinene for samordning av areal og transportplanlegging frå 1993 er tydelege: Arbeidsplassar som staten opprettar, skal gagne miljø og klima. Det skal vera stutt veg til jobb, så ein slepp å bruke bilen og dermed skånar klimaet for ureining. Det handlar òg om det lokale miljøet. Det blir mindre køar av sentrumsnære verksemder. Noreg har klimamål som vi skal nå, og i denne samanhengen bør staten stå fram som eit førebilete. Vona er at private bedrifter skal koma etter.

Undersøkinga viser at 63 prosent av verksemdene og 59 prosent av dei sysselsette var lokaliserte i tråd med retningslinene. Med andre ord er det ei stor gruppe som plasserer seg for langt unna sentrum. Altså 37 prosent av verksemdene og 41 prosent av dei sysselsette.

Og det oppsiktsvekkjande er at denne gruppa har vorte større: Tala for perioden 2005 til 2010 viser større vilje til å lokalisere verksemder i sentrumsnære område enn for perioden 2011 til 2016. Grafen ved sida av illustrerer dette godt. I 2006 vart 41 prosent av nye statlege verksemder og sysselsette plasserte utanfor eit bysentrum, i 2015 var det 60 prosent.

Ein kan spørja kva som er sentrum og periferi. Undersøkinga brukar termane A-område og A2-område for sentrum. I denne artikkelen nyttar eg enklare omgrep: by- og bygdesentrum. Sjå forklaringa på dei tekniske termane i faktaboksen.

Undersøkinga går rett inn på debattar rundt omkring i Noreg, ikkje minst når det gjeld sjukehus, som har fått store oppslag i media, men dette gjeld òg andre statlege arbeidsplassar, som politihus, skattekontor og vegvesen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement