Statkraft i spagatenStaten har vore ein ekstremt vinglete eigar i Statkraft. Selskapet er pålagt oppgåver som vanskeleg lèt seg sameine.

Staten har vore ein ekstremt vinglete eigar i Statkraft. Selskapet er pålagt oppgåver som vanskeleg lèt seg sameine.

Illustrasjon av den planlagde havvindparken på britiske Doggerbank. Etter at stortinget fjerna fem milliardar av eigenkapitalen til Statkraft i 2015, måtte selskapet trekkje seg ut av prosjektet. Foto: Alan O’Neill, Statkraft
Illustrasjon av den planlagde havvindparken på britiske Doggerbank. Etter at stortinget fjerna fem milliardar av eigenkapitalen til Statkraft i 2015, måtte selskapet trekkje seg ut av prosjektet. Foto: Alan O’Neill, Statkraft
Publisert

Den statseigde kraftprodusenten Statkraft er eitt av Noregs største og viktigaste selskap, og kraftproduksjon er ei verksemd som har stort behov for langsiktig tenking. Men det skulle ein ikkje tru når ein ser kor vilkårleg og vinglete utbytepolitikken overfor Statkraft har vore dei siste åra. Den siste kuvendinga kom da regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett sist veke.

I fjor rekna Finansdepartementet med at Statkraft skulle betale 627 millionar i utbyte til staten i 2017. Så viste det seg, etter årsskiftet, at det etter dagens reglar neppe var grunnlag for utbyte frå Statkraft i det heile i år: Store nedskrivingar i utlandet gjorde at Statkraft-konsernet gjekk litt i minus i fjor.

Men vips: I det reviderte nasjonalbudsjettet førre veke endra regjeringa reglane for utrekning av utbytegrunnlaget. Så kunne Statkraft brått betale 2,4 milliardar i utbyte for 2016, og så går budsjettet opp for regjeringa.

Vingling

Dette er berre den siste i rekkja av bråe vendingar i handsaminga av Statkraft dei siste åra. Dels har vinglinga handla om opportunisme: Når regjeringa slit med å dekkje inn utgiftene på statsbudsjettet, er det alltid freistande å stikke neven ned i kassa til Statkraft. Selskapet er jo i prinsippet folkets eigedom, og står for kring halvparten av vasskraftproduksjonen i Noreg.

Men i tillegg handlar dette om eit underliggande spørsmål om kva Statkraft skal vere: Er dette statens og folkets trauste, trufaste reiskap for å hauste grunnrenta frå dei norske fossefalla? Eller skal Statkraft vere ein internasjonal storaktør i fornybar energiproduksjon, ei drivande kraft i det såkalla grøne skiftet i verdsøkonomien, og ein storspelar som tek risiko i turbulente marknader? Det generelle svaret frå stortingsfleirtalet er eit ja til alt. Men i praksis er det ikkje så enkelt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement