Staten ut i grumsete farvatn

Norske Cermaq, der staten er hovudeigar, vil kjøpe seg inn i anchoveta-fisket i Peru. Presidenten i Peru omtalte nyleg dette fisket som «uansvarleg» og «destruktivt».

Publisert Sist oppdatert

Vi kan opne med å stille det ubehagelege spørsmålet: Er den norske staten i ferd med å investere 700 millionar i overfiske av ein av verdas mest dyrebare fiskebestandar? Så går vi til detaljane, der djevelen som kjent bur.

Soga er slik: Bølgjene går høgt kring det norske oppdretts–?og fiskefôrselskapet Cermaq om dagen. Selskapet prøver å kjøpe opp det peruanske fiskeriselskapet Copeinca for å sikre tilgangen på dyrebare råvarer til fôrproduksjonen sin: fiskemjøl og fiskeolje frå anchoveta som blir fiska utanfor kysten av Peru. Staten eig 43,5 prosent av Cermaq, og Nærings–?og handelsdepartementet har gjeve grønt lys for oppkjøpet.

Samtidig ønskjer John Fredriksen-selskapet Marine Harvest å kjøpe opp Cermaq og prøver å stogge Copeinca-kjøpet. Men den maktkampen overlèt vi til finanspressa. Her skal det handle om meir fundamentale ting, nemleg det biologiske grunnlaget for verksemda til Cermaq – og for mykje av den norske oppdrettsnæringa. Enorme ressursar står på spel, og farvatnet er fullt av vanskelege spørsmål. Anchovetafiskeriet i Peru skjer nemleg i ei etisk gråsone.

Hardt skatta

Namnet Cermaq kling ikkje like familiært som Telenor eller Hydro, men selskapet er ein internasjonal storspelar i oppdrettsbransjen. Ikkje minst på grunn av underselskapet Ewos, som er verdas største på produksjon av laksefôr. Her ligg koplinga til Peru, for den viktigaste ingrediensen i laksefôret til Ewos er nett anchoveta. I fjor brukte Ewos nesten 200.000 tonn av denne fisken i fôrproduksjonen sin. Det er over halvparten av den samla fiskefangsten som Ewos brukte til fôr i 2012.

Anchovetaen er puslete å sjå til: ein sildeliknande fisk som ikkje blir større enn 20 centimeter og ein nær slektning av ansjosen. Likevel kan han kallast verdas viktigaste fiskeslag, i alle fall målt i fangstvolum. Ingen annan art blir fanga i så store mengder som anchovetaen – «verdas hardast beskatta fiskesort», ifølgje FN-organet FAO.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement