JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Staten som ikkje ville gjere opp

Rune Halseth og Marianne Evensen har vore ulovleg fengsla i månader og ulovleg straffeforfølgde over år, som følgje av den såkalla Nav-skandalen. No må dei bruke tid i rettssalen for å få ei skikkeleg oppreising.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rune Halseth deltok på høyringa om trygdeskandalen i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, og han snakka med både Nav-direktør Sigrun Vågeng (t.h.) og ansvarlege politikarar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

20776
20231006
20776
20231006

Nav-skandalen

eva@dagogtid.no

Ein «historisk rettsskandale» vart det raskt definert som då det hausten 2019 vart offentleg kjent at norske styresmakter gjennom fleire år hadde praktisert trygderegelverket feil.

Arbeids- og velferdsforvaltinga, Nav, hadde stilt krav om at folk som fekk sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar måtte vere i Noreg, medan EØS-avtalen, som tredde i kraft i 1994, inneber at dei kan ta med seg ytingane til andre land innanfor EØS-området.

Fleire tusen personar hadde vorte nekta og fråtekne pengar til livsopphald som dei eigentleg har hatt krav på, og det fanst endåtil personar som var urett dømde og fengsla som følgje av feilen.

«Urett skal rettes opp» og «(s)taten skal gjøre opp for seg», lova arbeids- og inkluderingsminister Anniken Hauglie (H) i vekene etterpå, og statsminister Erna Solberg (H) sa at «først og fremst må vi nå rette opp overfor dem som har lidd overlast».

Rettssaka som nyleg gjekk føre seg i Oslo tingrett, vitnar derimot om at det ikkje er gjort.

Kan få følgjer for fleire

Rune Halseth, Marianne Evensen og ein tredje person, som ikkje vil stå fram med namn, vart alle tre ulovleg straffeforfølgde som følgje av trygderettsfeilen, og har saksøkt staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet med krav om oppreisingserstatning for påkjenningar og krenkingar dei er påførte. Dei har hatt møte med både departement og Storting om kravet fyrst, utan å få gehør, og vende seg til slutt domstolen.

Og dei tre er ikkje åleine om oppreisingskravet. Fleire søksmål står no på vent til denne fyrste saka er ferdig – inkludert eit gruppesøksmål frå foreininga NAV-oppryddinga, teke ut på vegner av alle som er råka av trygderettsskandalen. Såleis kan saka frå Oslo tingrett få store følgjer.

Nav har så langt identifisert over 7500 personar som har fått ulovlege vedtak mot seg som følgje av feilpraktiseringa. 85 personar har også vorte uskuldig dømde og 58 andre melde til politiet før feilpraktiseringa vart stoppa.

Og dette er berre dei Nav veit om. På nettsidene sine skriv etaten at dei ikkje har oversikt over kor mange personar det er gjort feil mot tilbake til 1994.

I fjor haust vart det stadfesta at endå nokre trygdeordningar – som gjeld barnetrygd, kontantstøtte og stønad til einsleg mor eller far – også er omfatta av feilpraktiseringa heilt tilbake til 1994, og Nav ser no gjennom 450 nye saker der feil kan vere gjorde.

Tidslinje trygdeskandalen v2

Kr 30.000 for sju år

Noko tilbake frå staten har dei fått. Dei som urettmessig har vore melde til politiet eller er dømde, har kunna søkje om oppreising etter straffeprosesslova, og så langt har rundt 30 personar søkt om og fått det, syner tal frå Statens sivilrettsforvalting. Men det er ikkje store summar dei er tilkjende.

Oppreisinga er gjeven etter konkret vurdering i kvar enkelt sak, og spenner frå 30.000 kroner til 280.000 kroner per person, og dei fleste har fått langt nærare nedste enn øvste sum. Og for å illustrere nivået kan det nemnast at 280.000 kroner er tilkjende ein person som har sete 184 dagar i fengsel og vore straffeforfølgd i totalt seks år og ni månader på grunn av feilen frå norske styresmakter. 30.000 kroner er oppreising tilkjent etter 21 dagar med fotlenkje og ei straffeforfølging som totalt varte i sju år og tre månader.

Dei som kan bevise at dei har hatt økonomiske tap som følgje av trygderettsfeilen, har òg kunna søkje om å få tapet erstatta.

For dei fleire tusen personane som ikkje har vorte straffeforfølgde, og som heller ikkje kan påvise konkrete økonomisk tap som følgje av trygderettsfeilen, har opprettinga frå staten derimot berre innebore at dei no har fått utbetalt pengane dei skulle hatt før.

At dei kan ha gått veker, månader eller til og med år utan pengar frå Nav til livsopphald, og kan ha måtta betale tilbake pengar for å unngå straffeforfølging, er ikkje kompensert.

Rett nok har dei fått tilbakebetalt med renter frå då ytingane vart stoppa eller trekte tilbake, men dei tre saksøkjarane reagerer på at rentene er rekna ut etter folketrygdlovens reglar om etterbetaling, og ikkje etter lov om renter ved forseinka betaling, som ville utgjort om lag det dobbelte i renter.

Staten som ikkje stilte

Har ikkje staten teke trygderettsskandalen på alvor, undra eg før eg sette meg på tilhøyrarbenken i Oslo tingrett. Det var andre dag av rettssaka, og advokatane David Magnus Myr og Helge Røstum frå Regjeringsadvokaten, som hadde oppdraget med å føre saka for staten, heldt innleiingsføredrag.

Myr starta og kom relativt raskt til det som er staten sitt syn: at det ikkje er heimel eller grunnlag i norsk lov for å gje meir oppreising enn det som alt er gjeve.

– I den grad ein skulle meine at det er grunnlag for meir oppreising, er det etter statens syn ei lovgjevaroppgåve eller eit politisk spørsmål, sa han.

Dei tre saksøkjarane stilte mannsterkt i tingrettssalen, med støttespelarar frå foreininga NAV-oppryddinga og advokatane Bjørn Kvernberg og Roy Andre Håkonsen Arteid, som fører saka for dei. I tillegg hadde dei med seg jussprofessor og menneskerettsekspert Mads Andenæs, Carl Baudenbacher, som er tidlegare dommar og president i Efta-domstolen, og Laura Baudenbacher, advokat og leiar av konkurransetilsynet i Sveits.

På staten si side sat det forutan dei to advokatane berre éin person, seniorrådgjevar Espen Hansen i Nav.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, som er saksøkt, var ikkje til stades.

Det er ikkje så vanleg at det kjem nokon frå departementet i rettssalen, fekk eg til svar då eg spurde kvifor.

– Den som er med, er ein som kjenner saka godt, og som kan bistå dersom det skulle dukke opp faktiske spørsmål, sa Myr.

– Leitt og lite tilfredsstillande, meinte advokat Kvernberg.

Heller ikkje skandaleomgrepet fekk dei frå staten, dei tre saksøkjarane. Det ålmenta kjenner som Nav-skandalen og trygderettsskandalen, vart av statens advokatar gjennomgåande omtalt som «EØS-feilen». Og då omgrepet oppreising skulle definerast og forklarast frå staten si side, vart det brukt følgjande ord: «Oppreising, det er litt folkeleg sagt plaster på såret-pengar.»

Skam og øydelagde år

Men det er ikkje skrubbsår dei tre saksøkjarane krev å få dekt. Det gjekk tydeleg fram av vitneforklaringane dei heldt i tingretten tredje dag av rettssaka.

Dei tre budde alle utanlands over tid tidleg på 2010-talet, samstundes som dei fekk arbeidsavklaringspengar frå Nav. To av dei hadde drege utanlands etter råd frå lege, og med godkjenning frå saksbehandlarar i Nav. Etter nokre år vart dei like fullt nekta utbetaling av arbeidsavklaringspengar fordi dei var eller hadde vore utanlands. Deretter fekk dei krav om å betale tilbake ytingar dei hadde fått medan dei hadde vore utanlands, og sidan tilbakebetalingskrava var på eit par hundre tusen kroner kvar, vart dei òg melde til politiet.

Halseth og Evensen vart endåtil dømde for trygdesvindel og har sona i høvesvis 85 og 61 dagar i fengsel. Halseth prøvde fyrst å få utsett soninga av helseårsaker. I staden vart han gripen av politiet i eigen bustad like etter å ha hatt ein operasjon og plassert i høgrisikofengsel med drapsmenn og valdtektsforbrytarar.

Både Halseth og Evensen vart under fengselsopphalda òg utsette for rutinemessige kroppsvisitasjonar. Kva det innebar? Vel, at ein vart strippa naken etter besøk og måtte setje seg på huk og hoste for at polititenestefolka skulle sjå om ein hadde noko innvendig. Nakenvisitasjonane medførte at både Halseth og Evensen begge valde å ikkje ha besøk, og dermed såg verken vener eller kjende under soninga.

I retten vitna dei tre òg om sjokket og redsla som følgde av at deira eigen stat – som dei hadde jobba i og betalt skatt til før dei vart sjuke – byrja å mistru dei, mistenkeleggjere dei, stemple dei som trygdesvindlarar og deretter jakte på dei. Dei fortalde om møteinnkallingar frå Nav som aldri kom fram – og som dei seinare fekk skulda for å ignorere, og alle tre fortalde at dei hadde kjent seg så makteslause andsynes Nav at dei i periodar ikkje klarte å ha noko med etaten å gjere – noko som seinare igjen vart brukt mot dei.

Dei har skamma seg, isolert seg frå vener og familie for å unngå å måtte fortelje kva som har stått på, og dei har slite med panikkangst, fortviling og suicidale tankar. Alt dette i tillegg til store økonomiske vanskar ved å ha vore utan pengar dei skulle hatt til å leve av, som har ramma både dei sjølve og næraste familie.

Straffeforfølginga har oppsummert kosta dei tre saksøkjarane år av livet. Samstundes opplever dei no at uretten varer ved.

Halseth og Evensen har fått oppreising for den urette straffeforfølginga på 150.000 og 100.000 kroner kvar – summar dei to kallar eit nytt overgrep og ei ny krenking.

Halseth fortalde i vitneforklaringa at han framleis ser ut til å vere fritt vilt i Nav, der mappa med alle opplysningane om han ligg tilgjengeleg for fleire. Gjennom innsynsloggar har han fått stadfesta at det i løpet av eit år no den siste tida har vore folk inne i den personlege mappa hans 465 gonger, av 55 ulike Nav-tilsette rundt om i landet. Det vil seie langt fleire enn dei som formelt har hatt noko med saka hans å gjere. Nokre av tidspunkta med flest oppslag, fortalde han, var ifølgje innsynsloggen på laurdagskveldar mellom klokka halv ti og halv elleve.

Uskuld og ansvar

– Det er ingen tvil om at EØS-feilen har ført til store påkjenningar for dei tre saksøkjarane i saka her, sa Myr frå Regjeringsadvokaten då han byrja prosedyren for staten femte dag i tingretten.

Han la til at det ikkje var meininga å bagatellisere det dei har opplevd, men at statens syn – om at dei har fått det dei har krav på etter heimel og rett – inneber at staten meiner krenkingane dei har vorte påførte, «konsekvensane EØS-feilen har hatt for dei», har «vorte reparerte» og er stansa.

Advokatane til dei tre saksøkjarane er usamde i begge delar. Ikkje berre meiner dei at forholda Halseth og Evensen vart utsette for under soning, og dei personlege påkjenningane straffeforfølginga har påført dei, tilseier at dei bør få ei høgare oppreising etter straffeprosesslova enn det dei har fått. Hovudargumentet deira er dei samla krenkingane og personlege påkjenningane dei tre saksøkjarane er påførte, som følgje av feilpraktiseringa av trygderegelverket, og det faktum at dei er utsette for ein større systemfeil frå statlege styresmakter, kvalifiserer til oppreising etter skadeerstatningslova i tillegg.

Skadeerstatningslova seier at den som med forsett eller grov aktløyse har valda skade på eller krenkt ein person, kan påleggjast å betale den fornærma oppreising for tort og svie og anna krenking eller skade av ikkje-økonomisk art.

Myrs svar var at det ikkje er påvist at nokon med vilje, eller som følgje av kvalifisert klanderverdige handlingar, er skuld i feilen, og at vilkåra for oppreising etter skadeerstatningslova dermed ikkje er til stades.

Ingen bevis

Det er ingen politikarar eller offentlege tenestepersonar som har teke ansvar for eller har vorte stilte til ansvar for trygderettsskandalen. Navs interne gransking av skandalen, frå 2019, konkluderte med at feilpraktiseringa kom av mangelfull EØS-kompetanse, dårleg kapasitet og dårleg kommunikasjon internt: Tre Nav-tilsette spurde til dømes alt i 2014 og i 2015 internt om ikkje EØS-reglane kunne vere tolka feil, men dei fekk aldri noko svar.

Granskingsutvalet regjeringa sjølv utnemnde, fekk i oppdrag å undersøkje årsakene til feilen og synte til at det var Nav som hadde hovudansvaret for korleis reglane vart praktiserte, men at Arbeids- og sosialdepartementet, Trygderetten, påtalemakta, advokatar, domstolane og akademia også måtte ta delar av ansvaret. I granskingsrapporten vart det òg konkludert med at «EØS-rettens betydning har befunnet seg i blindsonen til nær sagt alle involverte».

Men om det var ei blindsone, skorta det ikkje på hint. Brochmann-utvalets offentlege utgreiing Velferd og migrasjon – Den norske modellens framtid slo alt i 2011 fast at det var lite rom for å gjere nasjonale tilpassingar i retten til å eksportere trygdeytingar under EØS-avtalen.

Det regjeringsutnemnde granskingsutvalet avdekte også at Arbeids- og inkluderingsdepartementet sidan 2014 hadde visst at «EØS-avtalen gir adgang til å oppholde seg i andre EØS-land forutsatt at kravet til aktivitet og kontakt med etaten er oppfylt». Det var ein av konklusjonane frå ei interdepartemental arbeidsgruppe Solberg-regjeringa hadde sett ned for å kartleggje kva høve Noreg hadde til å avgrense eksport av trygdeytingar innanfor EØS. Svaret på spørsmålet vart derimot ikkje formidla vidare i høyringsnotat, lovproposisjonar eller meldingar til Stortinget, ifølgje granskingsutvalet. Nei, det vart ikkje eingong offentleggjort, og forklaringa i ettertid har vore at departementet visste at det ikkje var lov å nekte utbetalingar av ytingar til personar som drog til andre EØS-land, men ikkje var klar over korleis Nav handheva regelverket. Og vice versa: Nav, som nekta utbetalingar av ytingar ved utanlandsopphald, visste ikkje om konklusjonane frå det interdepartementale utgreiingsarbeidet.

Delar av rapporten frå det interdepartementale arbeidet i 2014 vart publisert fyrst i 2022, men heile rapporten har verken Stortinget eller dei tre som no har saksøkt staten, fått sjå. Dermed har dei tre ikkje fått bevist at det ikkje finst ting i rapporten som tilseier at departementet kan ha handla forsettleg eller grovt aktlaust når konklusjonane frå den gong ikkje vart vidareformidla til Nav.

Advokat Bjørn Kvernberg meiner staten her har handla mot betre vitande.

– Trass i åtvaringar mot å praktisere opphaldskravet (krevje opphald i Noreg, journ. merk.) i den omfattande 2014-rapporten utvida staten den urettkomne og ulovlege forfølginga av personar som oppheldt seg lovleg i anna EU- og EØS-land, sa han i tingretten og la til:

– Vi meiner det her ligg føre forsettlege forhold, subsidiært grov aktløyse.

– Burde ha sjekka

Finn Arnesen, professor i europarett ved Universitetet i Oslo, leidde granskingsutvalet og har sett heile 2014-rapporten. Han har tidlegare sagt til VG at rapporten ikkje gjev grunnlag for å seie at regjeringa kjende til praksis og medvite har utfordra regelverket. Samstundes synest han det er rart at medlemmene i utvalet ikkje sjekka korleis reglane faktisk vart praktiserte.

– Burde dei ikkje ha gjort det?

– Jau, men det er lett å seie i ettertid. Det har vore forferdeleg mykje med Nav – reform og dette med arbeidslina – i lang tid, så dei har også mykje anna å følgje opp enn EØS-reglane. Det vi påpeikar i utgreiinga, er at EØS-regelverket ikkje vart teke opp i styringsdialogen med direktoratet, og det reagerte vi på, seier han.

– Er departementet då utan skuld?

– Nei. Departementet burde ha hatt kontroll på dette, det er heilt openbert. Vi må kunne krevje at styresmaktene følgjer opp korleis dei folkerettslege pliktene våre og norsk regelverk vert praktisert på bakken. Men å seie at departementet med opne auge har visst kva som gjekk føre seg, og sett gjennom fingrane med det, fann i alle fall ikkje vi grunn til å gjere, seier Arnesen.

– Gravlagd rev

Det er politikarar sjølv som har gått lengst i å halde departementet ansvarleg for trygderettsskandalen. Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har slått fast at det er departementets lovgjevingsteknikk som må ta hovudskulda for feilen, ikkje Nav, og har synt til at departementet ikkje gjennomførte dokumenterte vurderingar av samanhengen mellom folketrygdlova og EUs trygdeforordning før sistnemnde vart innført i norsk lov.

Dette vart understreka på nytt då Stortinget i november i fjor vedtok endringar i folketrygdlova for å rydde opp etter den mangeårige feilpraktiseringa.

Per Olaf Lundteigen (Sp) var saksordførar for lovendringa i Stortinget, og han vitna også i saka i Oslo tingrett. Der sa han ikkje noko om det er handla grovt aktlaust eller ikkje, men han har gjort seg nokre tankar om det.

Tre år etter det interdepartementale arbeidet for å kartleggje kva høve Noreg hadde til å avgrense eksport av trygdeytingar innanfor EØS, vart Solberg-regjeringas stortingsmelding Eksport av norske velferdsytelser lagd fram for Stortinget i 2017. I den meldinga stod det at «bestemmelsene i de internasjonale avtalene griper inn i det nasjonale regelverket og går foran, dersom det er motstrid mellom de to regelsettene».

Men då Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget handsama meldinga, ville verken dei dåverande regjeringspartia Høgre og Frp, støttepartia Venstre og KrF eller Arbeidarpartiet støtte opp om setninga. I innstillinga står ho difor som mindretalsmerknad frå Sp og SV.

– Dei borgarlege partia og Ap ville altså ikkje vere med på å slå fast at EØS-retten ved konflikt skulle overstyre norsk rett når det gjaldt trygdeytingar. Der ligg det ein stor rev gravlagd. Nokon prøver å leggje skulda på Nav, men dette går høgare opp. Det går heilt til topps i det norske politiske systemet, seier Lundteigen.

– Burde ikkje då nokon ta ansvar eller stillast til ansvar?

– Det spesielle ved situasjonen er at regelverket er praktisert i strid med EØS-avtalen gjennom fleire regjeringar over ein tidsperiode på snart 30 år. Ikkje alle har vore like klare over kva som har gått føre seg, men nokon har vore klare over det, meiner Lundteigen.

Ingunn Ikdahl, professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, trur heller ikkje det kan ha vore heilt ukjent for departementet kva krav Nav stilte om opphald i Noreg. Heilt frå Nav oppretta eit eige kontor i Spania i 2005 for å ta trygdesvindlarar i utlandet, har Nav fortalt offentleg om korleis dei har jobba, seier ho. I avisartiklar frå 2010-talet har ho funne ei lang rekkje døme på at Nav fortalde om folk som var tekne for svindel, nett fordi dei hadde vore i utlandet medan dei fekk ytingar. Også i Navs årsrapportar stod det om kor mange som vart melde til politiet fordi dei hadde vore i utlandet utan å melde frå.

– Det verkar underleg om ingen i departementet merka seg dette, når ein samtidig arbeidde med både utreiingar og stortingsmeldingar om korleis EØS påverkar trygdeytingar i utlandet, seier ho.

– Ikkje umogleg

Om dei tre saksøkjarane ikkje skulle få medhald i kravet om oppreising etter skadeerstatningslova, meiner advokatane deira at det må gjevast oppreising på grunnlag av EU- og EØS-rett og den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Nyleg kom det ei utgreiing som slo fast at Noreg bør utforme ein eigen lovheimel som sikrar at den norske staten gjev oppreising til offer for statlege menneskerettsbrot. Jussprofessor Kjetil Mujezinovic Larsen ved Universitetet i Oslo, som står bak utgreiinga, seier Noreg alt i dag har heimel for å gje slik oppreisingserstatning, men at praksisen for å bruke han er så sprikjande at det trengst tydeleggjering. Skulle Oslo tingrett kome til at trygderettsskandalen inneber menneskerettsbrot mot dei tre saksøkjarane, er det såleis slett ikkje umogleg at dei tre har krav på oppreising, seier Larsen på telefon når eg ringjer han etter veka i Oslo tingrett.

Utgreiinga frå Larsen er laga på oppdrag frå Justisdepartementet og vart levert 1. august. Utgreiinga vart lagd fram i retten av saksøkjarane, ikkje staten, noko advokatane til dei tre gjorde eit nummer av under rettssaka.

Men om statlege styresmakter ikkje framstår som særleg føre, var i ryddearbeidet etter trygderettsskandalen, er ikkje det nytt.

Det gjekk til dømes halvtanna år frå Trygderetten i 2017 gav Nav klar melding om at etaten praktiserte reglane feil, til Nav sjølv tilrådde å endre praksis. Deretter gjekk det åtte månader frå departementet vart varsla om feilen, og til politidistrikta fekk meldinga.

Marianne Evensen vart faktisk både dømd og fengsla etter at Nav vart varsla om at praksisen var feil. Då regjeringa i 2022 la fram forslag til endringar i folketrygdloven for å rydde opp i feilpraktiseringa, valde ho òg å sjå vekk frå faglege råd om at stønadene til personar med åleineomsorg for barn, også var omfatta av EØS-reglar. Det måtte seinare korrigerast etter uttale frå Efta-domstolen.

Meir interessant kan det såleis vere det som skjedde siste dag i Oslo tingrett. Då stadfesta Myr at departementet trekte kravet om at dei tre saksøkjarane skulle betale statens sakskostnader for rettssaka.

– Kvifor?

– Arbeids- og inkluderingsdepartementet fann at det var rett å ikkje krevje sakskostnader i denne saka, var svaret frå Myr.

Men om dei tre saksøkjarane vert tilkjende noko meir, står att å sjå. Dom frå tingretten er varsla å kome i løpet av dei neste to vekene.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis