Staten går føre med eit dårleg eksempel
Regjeringa har brote lovnadene om å få ned bruken av mellombelse stillingar i offentleg verksemd. No slår fagrørsla alarm.
I februar sende dei fire hovudsamanslutningane i staten, LO, UNIO, YS og Akademikerne, eit felles brev til helseminister Jonas Gahr Støre, fornyings-, administrasjons–?og kyrkjeminister Rigmor Aasrud og kunnskapsminister Kristin Halvorsen der dei kravde omgåande tiltak for å redusere bruken av mellombelse stillingar.
Dei slo alarm om at spesielt sjukehusa og universitetssektoren har to til tre gonger så høg prosentdel mellombels tilsette som arbeidslivet elles. Organisasjonane har enno ikkje fått noko svar.
Organisasjonane uttalar no til Dag og Tid at dei vil gjere denne saka til eit viktig tema i valkampen.
Konfronterer regjeringa
–?Vi vil utfordre partia. Og det er heilt klart at dei raud-grøne partia ikkje har gjort jobben sin, seier UNIO-leiar Anders Folkestad til Dag og Tid.
Det viser seg at om lag halvparten av legane i norske sjukehus er mellombels tilsette og at over 90 prosent av legane som er under spesialisering, er mellombels tilsette. Organisasjonane peika vidare på at helseføretaka i stor stil tilset forskarar i mellombelse stillingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.