Staten er lønsleiar
Modellen for norsk lønsdanning slår sprekkar. Offentleg sektor dreg frå, og industriarbeidaren vert hengande etter.
NTB scanpix var ikkje til stades då TBU la fram rapporten om lønsutviklinga for 2019. I fjor var det Ådne Cappelen som la fram rapporten. Han erstatta Christine Meyer, som ikkje ville vera med i utvalet.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Om Erna Solberg som farao hadde hatt ein Josef då ho tiltredde, hadde ho truleg vorte deprimert. For då kunne Josef ha fortalt henne at veljarane stod framføre sju magre år: Realløningane skulle stå stille eller gå ned for fleirtalet av det norske folk. Men no er trenden broten. Denne veka kom Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) med ein rapport om lønsdanninga i fjor. Løningane gjekk samla opp med 3,5 prosent, og i gjennomsnitt gjekk realløningane, vekst i nominell løn minus inflasjon, opp med 1,2 prosent, og TBU trur at trenden skal halda seg i år.
TBU er ei smått genial norsk oppfinning. Når det vert tinga om løn i andre land, går svært mykje av tida med til å krangla om kva lønsutviklinga har vore det førre året. Kven fekk mest, kven fekk minst, og kva var gjennomsnitts- og medianløna? Slik er det ikkje i Noreg. I over femti år no har partane i arbeidslivet under leiing av sjefen for Statistisk sentralbyrå (SSB) kvart år gått saman og rekna ut korleis lønsutviklinga har vore. Når partane deretter set seg saman og tingar, er alle samde om korleis lønsutviklinga var i fjor og dei føregåande åra.
Meyer var unnataket
Under Høgres Christine Meyer kom det rett nok ei endring. Ho sa frå seg vervet, uvisst av kva grunn, men at ho var siviløkonom og ikkje samfunnsøkonom, som SSB-sjefen alltid plar vera, kan kanskje vera ein av grunnane. Men no er ein tradisjonell samfunnsøkonom på ny i leiinga, for både SSB og TBU. Han heiter Geir Axelsen, ein mann knapt nokon har høyrt om. Og godt er truleg det.
Mange påstår at det finst om ikkje ein særmerkt norsk modell, så ein særmerkt nordisk modell for lønsdanning. Vår versjon går attende til kriseforliket mellom arbeidarrørsla og Bondepartiet i 1935. Då gjekk Noreg frå å vera eit av dei mest streikeplaga samfunna i Europa til å verta eit av dei minst streikeplaga. I røynda fekk vi berre to aktørar som avgjorde lønsutviklinga, Arbeidsgjevarforeininga, det no utvida NHO, og Landsorganisasjonen, LO. Der til dømes Frankrike har ei rekkje små fagforeiningar som ikkje snakkar med kvarandre og tyr til streik for eit vondt ord, skal NHO og LO fortelja alle dei andre kvar skapet skal stå.
Industriarbeidaren
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.