Startar ny kamp mot EU

Senterpartiet stiller EU-ultimatum om kraft. Men det har ingenting med meiningsmålingane å gjere, seier Per Martin Sandtrøen (Sp).

Sp stiller EU-ultimatum, kunne vi denne veka lese i Klassekampen. Avisa siterte Sps stortingsrepresentant Per Martin Sandtrøen, som sa at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som vedtek EUs fjerde energimarknadspakke.

Standpunktet i seg sjølv er kanskje ikkje overraskande. Sp kjempa mot innføringa av EUs tredje energimarknadspakke, som gjorde Noreg til del av den europeiske energiunionen og flytta makt til Brussel gjennom at Noreg knytte seg til energiregulatorbyrået Acer. Og den fjerde energimarknadspakken inneber tettare integrering i energiunionen og ei utviding av makta til Acer. Men kvifor kjem Sp med eit slikt ultimatum no?

– Bakgrunnen for utspelet mitt var at RME (Reguleringsstyresmakta for energi i NVE, journ. merk.) nyleg slo fast at regelverket i EUs tredje energimarknadspakke nektar oss å innføre eksportrestriksjonar på straum for å sikre ein lågare straumpris. Vi kan berre avgrense eksporten om det krevst av omsyn til forsyningstryggleiken. Då vi diskuterte Acer og tredje energimarknadspakken vinteren 2018, vart Sp forsøkt latterleggjort fordi vi åtvara om at regelverket kunne ha noko å seie for straumprisen, seier Per Martin Sandtrøen.

– Men vi har alt innført det regelverket og er ein del av Acer. Kva ved den fjerde energimarknadspakken vil eskalere denne situasjonen?

– Hovudpoenget mitt er at no ser vi konsekvensane av å overføre meir makt til EU på energiområdet. Då må vi i alle fall ta lærdom av dei og ikkje gje vekk endå meir makt, som den fjerde pakken definitivt vil føre til. Eit lite belyst poeng med både energiunionen og oppdraget til Acer er at føremålet med begge er å fremje ein fullt integrert intern energimarknad i Europa. Og i ein felles energimarknad vert òg prisen felles. Senterpartiet ønskjer derimot lågare straumpris i Noreg.

– Men kva konkret vil gjere situasjonen verre om vi innfører den fjerde energimarknadspakken?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement