Står fritt til å søkje om medlemskap igjen
Slik var grunngjevinga for avslaget på søknaden frå Helge Lurås om medlemskap i Norsk Redaktørforening i fjor: «Gjentatte og klare brudd på Vær varsom-plakatens intensjoner, tilbudet om formidling av et stort pengebeløp til et ønsket intervjuobjekt og oppfordring til boikott av andre medier.» Avslaget treng ikkje vere endeleg, understrekar Hanna Relling Berg, fungerande leiar i foreininga: Lurås og Resett kan bli vurdert på nytt.
– Har du inntrykk av at Resett har endra profil sidan avslaget?
– Eg har ikkje følgt så nøye med dei. Det er noko vi vil ta stilling til om det kjem ein ny søknad, seier Relling Berg.
– I fjor vart vedtektene for PFU endra slik at berre medium med medlemskap i ein utgjevarorganisasjon eller redaktørforeininga kan klagast inn. Mange medieytringar kan dermed ikkje prøvast for PFU. Er ikkje det uheldig?
–?Nei, eg synest det var eit godt vedtak. PFU fekk inn veldig mange klager, og det var viktig å få presisert kva som kan klagast inn. Ved å avgrense ordninga til organisasjonane som finansierer PFU, fekk vi ryddigare forhold.
– Erna Solberg sa sist veke at det ville ha vore ein fordel om «Resett var underlagt presseetikken» og var medlemmer i Nordsk Redaktørforening?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.