Stadig færre tvangsreturar frå TysklandAt saka kring Sami A. for alvor er blitt del av storpolitikken i Tyskland, har samanheng med den pågåande maktkampen mellom toppane i dei to

CDU-partileiar Horst Seehofer er oppteken av at vedtekne utvisingar blir gjennomførte.
CDU-partileiar Horst Seehofer er oppteken av at vedtekne utvisingar blir gjennomførte.
Publisert

At saka kring Sami A. for alvor er blitt del av storpolitikken i Tyskland, har samanheng med den pågåande maktkampen mellom toppane i dei to kristendemokratiske partia i landet: forbundskanslar og CDU-partileiar Angela Merkel og innanriksminister og CSU-partileiar Horst Seehofer. Bayerske Seehofer går inn for ein strengare asylpolitikk enn den systerpartiet står for; særleg oppteken er han av at vedtekne utvisingar de facto blir gjennomførte. Tvangsreturen av Sami A. er blitt ei prinsippsak for han når det gjeld det sistnemnde – ved fleire høve han uttalt at «mitt mål er å få gjennomført utvisinga», og at han «vil ta seg av denne saka».

Frå 2015 til i dag er halvannan million flyktningar og migrantar komne til Tyskland. Ifylgje tal som det tyske nyhendemagasinet Cicero publiserte denne veka, er prosentdelen av asylsøkjarar som får innvilga opphald, blitt halvert dei tre siste åra og ligg no på 32 prosent. Men berre kvar fjerde som har fått endeleg avslag, blir faktisk utvist – ei rekkje klageordningar gjer det mogleg å få utsett utvisinga mellombels. Og sjansane er gode: 44 prosent av dei som anka i fjor, vann fram. I tillegg lever mellom 200.000 og 500.000 illegalt i landet, ifylgje tal organisasjonen Pro Asyl la fram denne månaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement