Sprellemenn i politiske posisjonar
Statsrådar som oppfører seg som kalvar om våren, lover feitt flesk og bruker store ord.
Også den første hårklippen til Abid Raja etter koronastenginga vart ei mediesak. Men jo meir synleg kulturminister Raja blir med nye performansar, jo meir politisk tyngde taper han.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Er det nokon som minnest Venstre? Dette merkelege partiet som ingen går inn i eller kjem ut av utan sinne og politiske skrubbsår. I kløyvingar og jamt fall i 135 år. På meiningsmålingar strevar dei med vera større enn sin eigen feilmargin.
PARTIET SKULLE HATT landsmøte med open leiarstrid like etter påske, men blei redda av koronaen. Valkomiteen hadde bauta seg fram til at Trine Skei Grande skulle få ein ekstraomgang som leiar, men kasta Ola Elvestuen og Terje Breivik som nestleiarar. Dei nye kongsemna, Sveinung Rotevatn og Abid Raja, blei sende på audition som statsrådar. «Alle ulemper har sine fordeler», sa Arjo van Genderen i valkomiteen.
Men så kasta Trine Skei Grande heile kortstokken. Dermed sit partiet med ei avskilta leiing som er lame duck til det er lov å samla mange nok til å halda landsmøte; avstanden er eit mindre problem. I mellomtida er det fritt fram for tronpretendentane til å syna seg fram og markera seg.
ABID RAJA har gjort det til gagns; han held munntøyet og hjula i gang som politisk spellemann. Men jo meir synleg han gjer seg med nye kostyme og performansar, jo meir politisk tyngde taper han. Ikkje eingong sveisen kan redda han, sjølv om han presiserte at det var som likestillingsminister han poserte for å gje nyopna kvinnelege frisørar fortent merksemd.
Han har demonstrert at han manglar grep om det særeigne ved dei delane av samfunnslivet han gret seg til å få politisk ansvar for. I krisetider kan ein venta at statsrådar er særleg årvakne våpendragarar for sine felt. Kulturlivet, som tok vel imot Raja, har avskrive han som ein pratmakar. Han bruker store ord, men er på fylkesnivå i handling.
PÅ MEDIEFRONTEN har det ikkje kome krisehjelp som svar på at avisene har mista storparten av annonseinntektene. Det blir understreka at grundig journalistikk, sakleg informasjon og offentleg ordskifte er endå viktigare enn elles i dei tidene vi gjennomlever. Men mediehusa må halda seg til same ordningar for permittering som produksjons- og servicebedrifter som er stengde med lov eller fordi dei ikkje har kundar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.