Sprekk i laget
Raude KrF-arar har etablert eit eige nettverk som skal vere ei naudhamn og ein kraftstasjon. – Eit farleg eksperiment, meiner tidlegare politisk journalist Olav Garvik.
Då EEC-tilhengjarane i Venstre hadde tapt avrøystinga om deltaking i Korvald-regjeringa på det ekstraordinære landsmøtet 12. november 1972, oppmoda avtroppande partileiar Helge Seip dei som hadde støtta han, om å møte i peisestova i kjellaren på Røros Turisthotell same kveld for å drøfte situasjonen.
Rundt 120 personar kom på møtet, inkludert Venstre-høvdingen Bent Røiseland og spesielt utvalde redaktørar og journalistar frå dei store Venstre-avisene Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen, Haugesunds Avis og Bergens Tidende. Dei vedtok ikkje å danne noko nytt parti, men i løpet av møtet vart det sett ned eit arbeidsutval som skulle vurdere grunnlaget for nett det. Og ein knapp månad seinare vart det som vart heitande Det Liberale Folkepartiet, skipa.
Olav Garvik er tidlegare politisk journalist og kommentator i Bergens Tidende og var sjølv til stades på kjellarmøtet på Røros. Ti år seinare gav han ut boka Da Venstre sprakk, og året etter skreiv han boka Kristelig Folkeparti mellom tro og makt.
Garvik ser klare parallellar mellom det som skjedde i Venstre i 1972, og det som skjer i Kristeleg Folkeparti i dag, der det opprivande vegvalet i haust har fått raude KrF-arar til å etablere eit eige nettverk utanfor partiapparatet.
– Det er eit svært farleg eksperiment dei har gått inn på, for det ligg ein kime til partikløyving her. Dette er reindyrka fraksjonsverksemd. Hadde eg vore Kjell Ingolf Ropstad eller Olaug Bollestad, ville eg vore livredd dette nettverket, seier han.
Avviser nytt parti
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.