JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sprekk i laget

Raude KrF-arar har etablert eit eige nettverk som skal vere ei naudhamn og ein kraftstasjon. – Eit farleg eksperiment, meiner tidlegare politisk journalist Olav Garvik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10250
20190215
10250
20190215

Kristeleg Folkeparti

eva@dagogtid.no

Då EEC-tilhengjarane i Venstre hadde tapt avrøystinga om deltaking i Korvald-regjeringa på det ekstraordinære landsmøtet 12. november 1972, oppmoda avtroppande partileiar Helge Seip dei som hadde støtta han, om å møte i peisestova i kjellaren på Røros Turisthotell same kveld for å drøfte situasjonen.

Rundt 120 personar kom på møtet, inkludert Venstre-høvdingen Bent Røiseland og spesielt utvalde redaktørar og journalistar frå dei store Venstre-avisene Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen, Haugesunds Avis og Bergens Tidende. Dei vedtok ikkje å danne noko nytt parti, men i løpet av møtet vart det sett ned eit arbeidsutval som skulle vurdere grunnlaget for nett det. Og ein knapp månad seinare vart det som vart heitande Det Liberale Folkepartiet, skipa.

Olav Garvik er tidlegare politisk journalist og kommentator i Bergens Tidende og var sjølv til stades på kjellarmøtet på Røros. Ti år seinare gav han ut boka Da Venstre sprakk, og året etter skreiv han boka Kristelig Folkeparti mellom tro og makt.

Garvik ser klare parallellar mellom det som skjedde i Venstre i 1972, og det som skjer i Kristeleg Folkeparti i dag, der det opprivande vegvalet i haust har fått raude KrF-arar til å etablere eit eige nettverk utanfor partiapparatet.

– Det er eit svært farleg eksperiment dei har gått inn på, for det ligg ein kime til partikløyving her. Dette er reindyrka fraksjonsverksemd. Hadde eg vore Kjell Ingolf Ropstad eller Olaug Bollestad, ville eg vore livredd dette nettverket, seier han.

Avviser nytt parti

Nettverket Drivkraft hadde sin fyrste konferanse i helga, med over 100 deltakarar. Knut Arild Hareide heldt tale, der han oppmoda folk til å verte verande i partiet og ta aktivt del i det, og både Kjell Magne Bondevik og tidlegare KrF-statsråd Einar Steensnæs var òg til stades.

Initiativet til nettverket kjem frå ti noverande og tidlegare KrF-medlemmer, som har det sams at dei støtta Hareides retningsval og var imot regjeringssamarbeidet med Frp. Tidlegare KrF-nestleiar Odd Anders With, som er blant initiativtakarane, har endåtil uttrykt at han meiner regjeringssamarbeidet inneber løftebrot, feil kurs, støtte til toblokktenking og polarisering og legitimering av meir Frp-politikk.

With vedgår at spørsmålet om å danne nytt parti har vore oppe til diskusjon i nettverket, men seier det vart samrøystes avvist.

Han seier nettverket er «ei naudhamn» og «ein kraftstasjon» for raude KrF-arar i og utanfor partiet, og eit politisk fellesskap som kan vere med å påverke politikken i kristendemokratisk retning og «setje viktige saker på dagsordenen».

– Det handlar ikkje berre om enkeltsaker. Det handlar òg om det viktige i å vere eit tredje alternativ som ikkje automatisk samarbeider til høgre, men som òg kan våge å gå i forhandlingar med naboparti på venstresida, seier With.

– Ut av kontroll

Garvik meiner ting fort kan kome ut av kontroll.

– Det dei har i tankane no, treng ikkje vere det som vert resultatet om eit halvt år. Når det er ein så stor fraksjon som har samla seg, og misnøya med kursen er så sterk, kan ting lett utvikle seg. Det eine ordet tek det andre, og folk kan kome på andre tankar etter kvart som prosessen går vidare.

Han syner til at det på kjellarmøtet på Røros i 1972 heller ikkje var alle som var innstilte på å danne eit nytt parti i starten. I Da Venstre sprakk skriv han òg at fleire av dei som seinare hamna i det nye partiet, ikkje var med på møtet i peisestova den kvelden, men var att i landsmøtesalen hjå Venstre både denne og neste dag.

Trond Nordby, som er professor emeritus ved Universitetet i Oslo, trekkjer òg parallellar til tidlegare partisplittingar når han skal plassere Drivkraft.

– Det kan godt vere dei ikkje ønskjer eit brot, men det verkar litt lummert, seier han.

Særleg overraska er Nordby over at tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide valde å delta på Drivkraft-konferansen i helga.

– Fyrst tenkte eg at dette var organisert fraksjonsverksemd som han var med på. Men det kan òg vere at denne fraksjonen er så sterk at Hareide no går inn for å vere bølgjebrytar, seier han.

– Vil KrF vel

Odd Anders With avviser at det er snakk om fraksjonsverksemd, og meiner Drivkraft snarare kan bidra til at færre som melder seg ut av KrF, går over til andre parti. Han har sjølv meldt seg ut av KrF etter vedtaket om å gå i regjering, fordi han meiner samarbeidet med Frp er eit brot med lovnaden partiet gav i valkampen.

Fleire av dei andre medlemmene i Drivkraft har òg meldt seg ut av partiet, men With trur at eit lite fleirtal framleis er KrF-medlemmer.

– For at det skal vere fraksjonsverksemd, må det vere tiltak innanfor eit parti, men dette er eit tiltak på utsida. Så får folk oppfatte det som dei vil, men det er i alle fall mange som har omtalt nettverket på positiv måte, og som eit nettverk som vil KrF vel. For nokre er det berre slik at dei ikkje vil stå som medlemmer så lenge KrF har eit regjeringssamarbeid med Frp.

– Kunne ikkje partiet stått sterkare mot Frp om de alle stod samla?

– Nei, det trur eg ikkje. Om alle hadde vorte i partiet, ville vi etter kvart vorte knebla. Hadde vi ikkje meldt oss ut, ville ikkje dei blå skjøna alvoret heller. Det er jo ikkje snakk om usemje over ei fillesak, det handlar om heile kursen.

– Det paradoksale her er jo at det vert retta kritikk mot dei som vil stå for det dei lova i valkampen, at vi ikkje skulle gå i regjering med Frp. Det er jo dei andre som har brote den lovnaden.

Slik han ser det, er det eit mål å få KrF ut av regjeringa med Frp.

– Ja, openbert. Ved fyrste høve. Men det kan skje på ulike måtar, slik eg ser det: Anten ved at det kjem ei konkret sak som er viktig nok til å bryte samarbeidet, ved fyrste ordinære val eller dersom Frp til dømes skulle velje å gå ut av regjeringa. Avstanden mellom KrF og Frp er så stor at eg trur det seier pang før eller seinare, for det går ikkje å sameine eld og vatn over lang tid.

– Ikkje reversibelt

Men kva Drivkraft kan og kjem til å bidra med, er ikkje klarare enn at det er delte meiningar om saka blant både medlemmer og ikkje-medlemmer av nettverket.

Tidlegare KrF-statsråd Einar Steensnæs støtta òg Hareides retningsval, men seier at han no når valet er gjort, ønskjer å jobbe for at partiet kjem gjennom regjeringssamarbeidet på best mogleg måte. Han deltek i nettverket for å vere med på å drøfte og synleggjere «viktige kristendemokratiske saker», debattar han i tur trur vil kunne støtte partiet i regjeringa.

– Linevalet er teke, og det er ikkje reversibelt i denne stortingsperioden. Drivkraft er heller ikkje skapt for å prøve å gjere om det valet, seier han.

Bystyrerepresentant og gruppeleiar i Oslo KrF, Erik Lunde, er blant Hareide-støttespelarane som ikkje vil delta i nettverket. Han leiar styringsgruppa i det som heiter Kristendemokratisk forum i KrF og reagerer på at Drivkraft knyter kristendemokratiske verdiar til eit fasitsvar på kva som er rett retningsval for partiet.

– Alle KrF-arar er kristendemokratiske, seier han.

– Eg trur danninga av nettverket har potensial til å vere skadeleg dersom det bidreg til å sementere skiljeliner i partiet, og dersom det vert oppfatta som at vi ikkje alle er på same lag. Det kan vere skadeleg både internt og ute blant veljarane. Når partiet no har teke eit val, trur eg det viktigaste er å skape ein felles identitet som ikkje er knytt til kven vi samarbeider med, men til verdiane og ideologien vår.

Eksistensen på spel

Då Helge Seip og støttespelarane braut ut av Venstre, hadde Norsk Gallup Institutt nyleg målt oppslutninga om partiet til skarve 6 prosent. Det vart ikkje sett som ei hindring. Eit nytt parti skulle ta sikte på 11,3 prosent, som Venstre hadde hatt i byrjinga av 1969, sa Seip, ifølgje Dagbladet, slik det er attgjeve i Da Venstre sprakk. Slik gjekk det ikkje. Utbrytarpartiet fekk 3,4 prosent av røystene ved stortingsvalet i 1973, men mista deretter oppslutning jamt, heilt til det i 1988 gjekk inn i Venstre att.

KrF har i dag lege under sperregrensa på snittet av målingane månad for månad sidan november, ifølgje nettsida Poll of polls.

Forfattar og tidlegare Vårt Land-redaktør Erling Rimehaug trur ikkje KrF kjem til å splittast, nett fordi det ikkje er rom for fleire parti på den kanten.

– Eg trur nokre av dei som er skuffa no, kjem til å finne seg til rette i KrF. Andre går til andre parti, og nokre går ut av politikken. Drivkraft er truleg positivt for partiet, for det kan bidra til at ein del som elles ville gått sin veg, i staden vert verande, seier han.

Når det er sagt, er splittinga i partiet no så djup at sjølve eksistensen til partiet står på spel, slik han ser det.

– Eit anna parti

Konflikten mellom høgresida og venstresida i KrF har lege latent i fleire tiår. Det toppa seg på 80-talet, i striden mellom partileiar Kåre Kristiansen, som var rekna til høgrefløya i partiet, og nestleiar Kjell Magne Bondevik. Konfliktane mellom dei to var langt bitrare enn spenningane KrF stod i i haust, skreiv Rimehaug i ein kronikk i Vårt Land i november.

No ser han annleis på det.

– Partiet har alltid vore delt i spørsmålet om samarbeid, men no vart det eit identitetsspørsmål og det vart utløyst prosessar og krefter som vart djupare enn eg såg føre meg. Det enda med å verte meir splittande, sjølv om motsetnadene nok i utgangspunktet var mindre enn på 80-talet. Kanskje fordi det vart lagt opp til ein så kort prosess, og prosessen var så uførebudd, trass alt. Det overraska nok, og utløyste motkrefter.

– Kva trur du skjer med partiet no?

– Spørsmålet er om eigenidentiteten er så stor at dei klarar å heve seg over splittinga, eller om det er retningsstrategien som vert identiteten. Det kan sjå ut som det er det siste dei endar med.

– Er partiet i praksis ferdig?

– Nei, eg ser ikkje vekk frå at regjeringsprosjektet kan verte vellukka, og at dei kan få tilsig frå høgresida. Dei kan få høve til å kome seg opp att, men det vert eit litt anna parti.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Danninga av nettverket har potensial til å vere skadeleg dersom det bidreg til å sementere skiljeliner i partiet.

Erik Lunde, Oslo KrF

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis