JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Språkleg frelse

Dei ti råda frå Språkrådet får leiarane eit stykke på veg, så sant dei trur på norsk fagspråk og ikkje ser det som ein styggedom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus og dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) heldt pressekonferanse då høgskulen bytte namn til OsloMet – storbyuniversitetet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

3930
20180413
3930
20180413

«Til dykk treng eg ikkje å seia at språk er viktig», sa Øystein Thøgersen, rektor ved Norges handelshøyskole (NHH) då Språkrådet var i Bergen og lanserte den nye vegvisaren for språkval i universitets- og høgskulesektoren. «De har jo sett lyset!» Språk-, litteratur- og mållagsfolka rundt meg humra lågt. «Slike som eg forstod først ikkje dette», sa makroøkonomen Thøgersen. Kva var det professoren ikkje forstod? I kva ligg frelsa? Ho finst i forståinga av at norsk språk og fagord er viktig i eit stadig meir internasjonalt samfunn.

Ti bod

At Språkrådet lanserer ein slik vegvisar saman med ti konkrete råd – eller ti bod? – til universiteta og høgskulane, viser at ikkje alt er som det skal vera med språket i høgare utdanning. Universiteta og høgskulane har ei lovpålagd plikt til å ta vare på og vidareutvikla norsk fagspråk. Samstundes er all internasjonalisering både naudsynt og høgt verdsett. Det er ofte synonymt med bruk av engelsk som arbeidsspråk, og i formidling, publisering og møte. Eit ullent mål om stor auke i studentmobiliteten dei neste åra krev også meir undervisning på engelsk. Dermed etterlyser Språkrådet språkpolitisk medvit og strategisk tenking frå leiarnivå, noko som er avgjerande for god språkrøkt i høgare utdanning.

Rektor på OsloMet, Curt Rice, lytta ikkje til Språkrådet i val av nytt namn på høgskulen og meiner at norsk bør bannlysast i forskingsartiklar (Morgenbladet, april 2017). Eg er vestlandsk pessimistisk og har lita tru på at dei ti boda til Språkrådet kjem til å klinga i korridorane på Storbyuniversitetet. Men la dei då klinga andre stader! Desse ti boda er ei konkret og konstruktiv hjelp for å finna ein balanse mellom norsk og engelsk i høgare utdanning.

Heilage tekstar

Nokre tekstar er meir heilage enn andre i høgare utdanning. Opphøgd er vitskaplege artiklane (helst på engelsk). Dei gjev institusjonane pengar, forskarane prestisje og professorat. Lærebøkene gjev korkje pengar, prestisje eller professorat. Dei gjev derimot eit levande og oppdatert fagspråk hos forskarar, studentar og etter kvart hos folk flest. Men forskarar treng diverre meir enn løn i himmelen for å skriva lærebøker. «Pengar og tid! Pengar og tid!» torna leiar i lærebokutvalet, Klara Sjo, på lanseringa. Innsatsen for fornying av fagspråk og pedagogisk tilrettelegging for studentar bør også gje forskarane litt prestisje. Det er ein innsats me ikkje har råd til å kimsa av.

Openberringa

Språkleg kvalitet finst i skjeringspunktet mellom medvitne språkval, kompetanseheving og strategi. Å sørgja for dette er eit leiaransvar. Vegvisaren og dei ti råda frå Språkrådet får leiarane eit stykke på veg, så sant dei trur på norsk fagspråk – nynorsk og bokmål – og ikkje ser det som ein styggedom.

Men kven var så til stades på dette vekkingsseminaret? Folk frå humaniora. Eg kjenner dei fleste. Sjølv om me arbeider med ulikt materiale, har me det til felles at me brukar unormalt mykje tid på språk, flikkar på formuleringar og bit oss merke i språkføring og ordval. Som hos meg i denne teksten gjekk det sport i samanlikningane med frelse på lanseringa av vegvisaren til Språkrådet. Dei humrande akademikarane var jo alt frelste, så då er det dei andre som må sjå lyset. Men det er jo eit leiaransvar, og få av dei var til stades.

Mi eiga openberring låg i forståinga av eige ansvar. Eit ansvar for å bruka stemma mi for å heva statusen til dei tekstane som burde vera heilage, men ikkje er det: lærebøkene. Eit ansvar for å dytta insisterande i leiinga mi slik at dei røktar språket vårt vel. Og eit ansvar for sjølv å røkta det i undervisning, formidling, forsking og administrasjon.

Ingvil Brügger Budal er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei humrande akademikarane var jo alt frelste, så då er det dei andre som må sjå lyset.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis