– Språk er ei vanesak
Fleire og fleire nyttar alternative pronomen som «dei» og «hen» om seg sjølv. Forfattar Helene Uri meiner det er ein naturleg del av språkutviklinga.
Foto: Berit Roald / NTB
Førre veke skreiv NRK om Ravn Stiklestad Opli som vil verte omtala med pronomenet dei. Opli vil ikkje definere seg sjølv som mann eller kvinne, men det ein kallar ikkje-binær. Omgrepet kjem frå engelsk they, som har vorte eit alternativ på fleire sosiale medium. I norsk prøver mange å få innarbeidd hen som kjønnsnøytralt pronomen etter finsk førebilete. Språkrådet har enno ikkje teke opp verken hen eller dei i eintalstydinga i ordbøkene sine.
Helene Uri er forfattar og språkvitar.
– Kva er samanhengen mellom språk og identitet?
– Dei fleste nyttar språket til å teikne eit bilete av seg sjølve. Språket er berre eitt av fleire verkemiddel til å syne kven ein er. Nett som klesstil, hovudplagg eller smykke.
– Spesielt uttrykk for kjønnsidentitet i språket har vorte ei kampsak i det siste. Her heime i Noreg byrjar hen å få fotfeste, iallfall i somme krinsar. Kvifor skal me nytte det ordet?
– Ordet har ein dobbel funksjon. For det første kan ein nytte det generisk, altså i samanhengar der kjønn er irrelevant. Omskrivingar som «han/ho» eller «vedkommande» er ofte tunge. Då er det lettare med til dømes: «Ein forfattar må sjølv passe på at hen ikkje misbrukar makta si». I tillegg vert det nytta av personar som definerer seg som verken mann eller kvinne. Eg synest det speglar røynda på ein praktisk måte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.