Sideblikk
Sportens kommersielle vippepunkt
Grensene mellom sport og sirkus er hårfine. Prinsippa er så høge at det er lett å gå under.
Den kenyanske maratonløparen Eliud Kipchoge sprang maraton på under to timar i Wien 12. oktober i år.
Foto: Lisi Niesner / Reuters / NTB scanpix
ELIUD KIPCHOGE (34+) sprengde ei grense sist laurdag. Same kor spesialsydd opplegget var, i ein park i Wien, kan ingen ta frå kenyanaren at han er det første mennesket som har sprunge maraton på under to timar: 1.59.40 på 42.195 meter. (Feidippides brukte dobbelt så lang tid frå Marathon til Athen i 490 f.Kr., og han døydde av det.)
Men dette var ikkje ei idrettstevling; det var sirkus med ekstraordinær logistikk, motorisert følgje og robotaktig opplegg, pakka inn i symbolsk grensesprenging. Kipchoge var omgitt av ein velorganisert hær med fotfolk av harar frå Nike-stallen, alle på rosa sko med hemmeleg materiale i solane.
Den såkalla verdsrekorden høyrer heime i Guinness rekordbok i kategorien vellykka reklamejippo. Det auka marknadsverdien for Nike. Kipchoge fekk eit tosifra millionbeløp for jobben, og det var både stas og godt betalt å vera hjelpeløpar. Og NRK stilte opp med direkte reklamesending.
DEI TRE BRØRNE Ingebrigtsen frå Lura var med. Dei spring «grævlig fort», som det heiter i Sandnes, og dei gjer det godt i meisterskap som i årevis har vore dominerte av austafrikanarar. Men om dei vil ha meir enn heider og medaljar, må dei etter kvart slå seg på storbymaraton og andre langløp utanfor den organiserte idrettsrørsla, for det er der dei store pengepremiane ligg.
Pappa og trenar Gjert Ingebrigtsen (53) er sjølvkonstruert. Til og med idiolekten er ei personleg blanding av Båtsfjord og Sandnes. Han har inga trenarutdanning og har ikkje sjølv drive med friidrett, men er likevel kåra til «årets trenar».
Han driv «guttane» i teamet hardt og kollektivt etter mottoet: «Dæ æ’kje någe eg-ing her». Om korfor dei driv på slik dei gjer, har han sagt: «Me held ikkje på med dette fordi me er så interesserte i idrett, men fordi me skal vera best, elles er det ikkje interessant.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.