Utanriks
Spent på grensa
Nupi-forskar Julie Wilhelmsen seier USA og Nato kunne handla annleis for å hindre konflikteskaleringa mellom Russland og Ukraina.
I september i år trena russiske væpna styrkar saman med kviterussiske væpna styrkar. No har Russland plassert ut militære styrkar på grensa til Ukraina.
Foto: Vadim Savitskiy/Russian Defense Ministry Press Service via AP
Russland har plassert ut militære styrkar og flytta stridsvogner og pansra køyretøy mot grensa til Ukraina. USA, Nato og EU er uroa over situasjonen, og amerikanarane fryktar at Putin planlegg ein ny invasjon av Ukraina.
Dag og Tid har snakka med russlandsekspert Julie Wilhelmsen, som er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
– Er det grunn til å frykte ein ny invasjon?
– Ja, det er det. Det har jo vore stor spenning rundt Ukraina sidan 2014, og konflikten frå den gong er framleis uløyst. No, sju år seinare, har vi tilleggsdimensjonen med den eskalerande konflikten mellom Russland og Nato og USA, der konflikten om Ukraina vert tolka som ein stråmannskonflikt, særleg frå russisk side.
– Kva er den konkrete grunnen til styrkeoppbygginga?
– Ein mogleg grunn er at Nato engasjerer seg i Ukraina gjennom å trene det ukrainske militæret og levere våpen og panservernmissil til Kiev. Frå russisk side er dette omtalt som å krysse den raude lina. Russarane ønskjer ikkje å ha Nato nærare grensene sine, og iallfall ikkje i postsovjetiske statar. Dette har dei òg åtvara mot fleire gonger, seier Kreml, utan at det er teke til følgje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.