Spelegalskap i statleg regi
Norsk Tipping har einerett på pengespel i Noreg av di dei skal driva forsvarleg og ikkje lokka folk til å verta avhengige. Men slike spel kan lokka endå fleire inn i misbruket.
«Eg har rekna på det, og eg har kome fram til at sjansen for å vinna i lotto er den same anten ein spelar eller ikkje», sa den amerikanske skribenten Fran Lebowitz ein gong. Ho smurde for tjukt på, sjølvsagt, men sanninga er ikkje langt unna: Sjansen for å vinna i lotto er berre éin til fem millionar. Men jamvel om ein ikkje vert rik av slike spel, gjer det ikkje so mykje – ein må ha råd til å drøyma litt. Og det er då nokon som vinn kvar veke? Ein vinn ikkje om ein ikkje spelar.
Men kva er det dei sel, desse folka i Norsk Tipping på Hamar som i faste innslag på NRK om laurdagskvelden ringjer heim til heldige folk og fortel dei at dei har vunne? Det er trass i alt staten som eig Norsk Tipping på Hamar. Då må det vel vera harmlaust?
Vel, heilt greitt er det kanskje ikkje. I 2012 nytta nordmenn 19,2 milliardar kroner på Norsk Tipping. Det er meir enn dei nytta til pensjonssparing. Helvta av heile folkesetnaden over atten år spela slike spel via Norsk Tipping. Attåt kjem utanlandske spelselskap. Og kvifor skulle ikkje nordmenn nytta utanlandske pengespel på nettet? Pengespel som Lotto har jo vorte normaliserte av Norsk Tipping i samband med laurdagsunderholdninga på statskanalen sidan 1987.
Forskarar ved Cambridge har forska på kva det er som får hjernen til å lysa opp når ein driv med pengespel. Det fyrste vert kalla «nær-missar», som tyder at spelaren kjem nær målet, men utan å vinna. Det andre er å ha ei kjensle av kontroll: Spelar ein rulett, er ein viljug til å gambla meir pengar om ein får trilla kula sjølv. Eller, for å halda oss til saka, om ein får velja sine eigne tal i lottorekkja.
Historia
Som mest alt anna i verda var det kinesarane som var fyrst ute med å nytta lotteri til å finansiera store statlege prosjekt. Historia vil ha det til at kinesarane så tidleg som mellom 205 og 187 f.Kr. under Han-dynastiet nytta spelet Keno, som Norsk Tipping òg tilbyd nordmenn å spela på, til å finansiera byggjinga av Den kinesiske muren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.