Spår meir bråk

Kinesiske styresmakter grip stadig meir inn i styre og stell i Hongkong, seier Torbjørn Færøvik.

Politiet brukte tåregass mot demonstrantane i Hongkong denne veka.
Politiet brukte tåregass mot demonstrantane i Hongkong denne veka.

Det har vore store demonstrasjonar i Hongkong den siste veka mot ei lov som opnar for å utlevere mistenkte i straffesaker til Fastlands-Kina. Onsdag vart fleire personar såra i samanstøytar med politiet, og den lovgjevande forsamlinga har no utsett den vidare behandlinga av lovforslaget på ubestemt tid.

Kina-kjennar og forfattar Torbjørn Færøvik seier det mest trulege er at lova likevel vert vedteken til slutt, trass i protestane.

– Dei lokale styresmaktene ser det som viktig å følgje rådet frå Beijing og har vore under sterkt påtrykk derifrå lenge. Den lovgjevande forsamlinga har 70 medlemmer, og 43 av dei er tru mot regimet i Beijing, så mest truleg er det grunnlag for å vedta lovforslaget.

– Kva er bakgrunnen for lovforslaget?

– Det er noko som har bygt seg opp over tid. Truleg skjuler det seg mange kriminelle i Hongkong som styresmaktene i Kina vil ha tak i og stille for ein kinesisk domstol. Det kan vere både mafia og økonomisk kriminelle. I utgangspunktet burde dei likevel dømast etter lova i Hongkong, som er mykje meir utvikla, og der det heller ikkje er dødsstraff. Kanskje vil styresmaktene i Kina òg ha tak i opposisjonelle og dissidentar som har søkt tilflukt i Hongkong. Lovteksten er såpass vagt utforma at han òg kan tolkast slik.

– Styresmaktene har redusert talet på brotsverk som utleveringsavtalen skal gjelde, og lova å ikkje utlevere nokon som risikerer maksimumsstraff under sju år. Kvifor er ikkje det gode nok forsikringar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement