Spår meir bråk
Kinesiske styresmakter grip stadig meir inn i styre og stell i Hongkong, seier Torbjørn Færøvik.
Politiet brukte tåregass mot demonstrantane i Hongkong denne veka.
Foto: Athit Perawongmetha / Reuters
Samtalen
Torbjørn
Færøvik
Forfattar og Kina-kjennar
Aktuell
Demonstrasjonane i Hongkong
Samtalen
Torbjørn
Færøvik
Forfattar og Kina-kjennar
Aktuell
Demonstrasjonane i Hongkong
Hongkong
eva@dagogtid.no
Det har vore store demonstrasjonar i Hongkong den siste veka mot ei lov som opnar for å utlevere mistenkte i straffesaker til Fastlands-Kina. Onsdag vart fleire personar såra i samanstøytar med politiet, og den lovgjevande forsamlinga har no utsett den vidare behandlinga av lovforslaget på ubestemt tid.
Kina-kjennar og forfattar Torbjørn Færøvik seier det mest trulege er at lova likevel vert vedteken til slutt, trass i protestane.
– Dei lokale styresmaktene ser det som viktig å følgje rådet frå Beijing og har vore under sterkt påtrykk derifrå lenge. Den lovgjevande forsamlinga har 70 medlemmer, og 43 av dei er tru mot regimet i Beijing, så mest truleg er det grunnlag for å vedta lovforslaget.
– Kva er bakgrunnen for lovforslaget?
– Det er noko som har bygt seg opp over tid. Truleg skjuler det seg mange kriminelle i Hongkong som styresmaktene i Kina vil ha tak i og stille for ein kinesisk domstol. Det kan vere både mafia og økonomisk kriminelle. I utgangspunktet burde dei likevel dømast etter lova i Hongkong, som er mykje meir utvikla, og der det heller ikkje er dødsstraff. Kanskje vil styresmaktene i Kina òg ha tak i opposisjonelle og dissidentar som har søkt tilflukt i Hongkong. Lovteksten er såpass vagt utforma at han òg kan tolkast slik.
– Styresmaktene har redusert talet på brotsverk som utleveringsavtalen skal gjelde, og lova å ikkje utlevere nokon som risikerer maksimumsstraff under sju år. Kvifor er ikkje det gode nok forsikringar?
– Situasjon er vanskeleg for styresmaktene både i Hongkong og i Beijing, så det kan vere at måten å berge seg ut av det på er å klargjere betre og vere meir spesifikk på kva lova dreier seg om og ikkje. Samstundes har det den siste tida vore aukande uro blant innbyggjarane i Hongkong. Før var det fyrst og fremst lærarar, studentar og intellektuelle som uroa seg, no har uroa breidd seg til næringslivet òg. Årsaka er at kinesiske styresmakter, sjølv om dei i 1997 lova høgtideleg å respektere sjølvstyret i Hongkong, grip stadig meir inn i styre og stell i den tidlegare britiske kolonien.
– Kva for andre døme finst?
– Det er stadige forsøk på sensur og inngrep i den frie pressa. Kinesiske styresmakter har kjøpt opp fleire aviser og publikasjonar som før var frie. Det har òg vore tilfelle av trugsmål mot uavhengige bokhandlar og mediefolk og kidnapping.
– Så du trur ikkje på forsikringane?
–?Styresmaktene i Beijing flyttar grenser heile tida, gjev lovnader og bryt lovnader. Mange ser dette som eit regime utan tillit. Ein må òg hugse at fleire av dei som bur i Hongkong i dag, er personar som flykta frå Kina i 1940- og 1950-åra og seinare. Dei flykta fordi dei ville vekk frå kommunistane, og no opplever dei at dei vert innhenta.
– Hongkong har utleveringsavtale med fleire andre land, som Storbritannia og USA, til dømes. Burde dei ikkje ha det same med Kina?
– Om det er behov for det eller ikkje, veit eg ikkje, men det viktige er at avtalen er spesifikk og klar, og slik demokratirørsla i Hongkong ser det, er han ikkje klar nok.
– Kva har det å seie at EU, USA og fleire andre land har sendt uromeldingar om lova?
– Det vert sett på som rein provokasjon frå Kina si side, og kinesiske styresmakter er vare for slikt. Dei vil ikkje tape andlet her, så det kan godt hende dei kjem til å vere endå hardare i klypa mot Hongkong som følgje av alle protestane.
–?Kva har den kontroversielle lova å seie for Hongkong som samfunn og handelssentrum?
– Som finanssentrum treng Hongkong stabilitet og føreseielege vilkår, så det er ikkje gunstig at byen vert skaka av demonstrasjonar og den typen uavklarte situasjonar som no. Hongkong har alt tapt status dei seinare åra. Mange verksemder har trekt seg ut for å etablere seg i Singapore og andre stader i Asia med meir stabilitet og tryggleik.
–?Kva trur du om framtida for Hongkong?
– Om ting skulle roe seg no, betyr ikkje det at det vert fredeleg framover. Eg trur det er duka for nye oppgjer frå Kina og meir bråk framover. Avtalen med britane om Hongkong går ut i 2047, men det er godt mogleg Kina kjem til å sluke Hongkong med hud og hår før den tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om ting skulle roe seg no, betyr ikkje det at det vert fredeleg framover.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.