Soning som gjev meining
Indre Østfold fengsel, Eidsberg: – Eg kan skjøne ønsket om å fengsle fleire unge, men spørsmålet ein må stille seg, er kva som skjer under soninga, seier Marius Solly (36), som sonar i fengselet.
Fengselsopphaldet han hadde som 17-åring vart ein skule som gjekk i feil retning for Marius Solly (t.v.). Han håpar han kan syne Ayub (18) inn på ein betre veg enn den han sjølv gjekk, seier han.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Marius Solly (36) var 17 år fyrste gong han vart plassert bak murane. Den gong i Oslo fengsel, avdeling B. Dag éin ute i luftegarden vart han fanga opp av ein eldre innsett – ein av frontfigurane i den tidlegare Tveitagjengen – som kjende han att frå Tveita, og gav dei andre innsette klar melding om at «han er med meg, ingen gjer noko med han». Det gav tryggleik og status i fengselet og var noko 17-åringen kunne dra nytte av.
I ettertid meiner han det var den enkelthendinga som i størst grad var med på å sementere den kriminelle løpebana hans.
– Det var lite oppfølging frå fengselspersonalet og lite progresjon i soninga. Skulen var aktiv, men elles var det innsette som styrte mesteparten av kvardagen. For meg vart fengselsopphaldet ein skule i feil retning. Ein krimskule, seier han.
I dag sit Solly i Indre Østfold fengsel i Eidsberg, eit nytt høgsikringsfengsel med plass til 102 mannlege innsette. I hovudsak er det berre folk over 18 år der, men nokre av dei innsette er heller ikkje meir enn det.
Solly er mykje saman med ein av dei, Ayub, og seier han vil prøve å vere for Ayub det ingen var for han sjølv.
– Eg ønskjer å hjelpe han, syne han inn på ein betre veg enn den eg gjekk, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.