Sonedrapet

Publisert

Då Sigurd er avliden, sit Gudrun vondt i det. For det fyrste må ho leva med at brørne hennar, Gunnar og Hogne, som ho er særs glad i, stod bak drapet på husbonden Sigurd, som ho òg var særs glad i. For det andre vil brørne gifta henne bort til Atle, bror til Brynhild – ho som eggja Gunnar til å ta Sigurd av dage. Gudrun er lite huga på gifta seg att, og ho vil i alle fall ikkje ha Atle. Då mor hennar gjev henne ein gløymsledrykk, går ho likevel med på giftarmålet, men ho spår at det fører lite godt med seg (jf. Det andre Gudrunkvedet).

Det er velkjent at menn kan knyta seg til kvarandre ved å skifta kvinner mellom seg. Men den norrøne litteraturen gjev oss mange døme på at det straffar seg å gifta bort ei kvinne som ikkje sjølv vil. Evna til å tenkja og handla forsvinn ikkje om ho vert ignorert og tøymd: Etter ei stund kan denne evna slå brått og hardt tilbake.

Då Atle tek livet av brørne hennar, slår Gudrun til. I løynd skjer ho over strupen på sønene ho har med Atle, så går ho inn i halla der Atle og hærmennene hans held drikkelag, og så byd ho fram godbitar som i røynda er hjarto og kjøtet frå sønene. Då Atle har ete ferdig, kunngjer ho for alle kva han har togge og svelgt. Sidan drep ho han i ektesenga og set fyr på salen. Såleis rengjer ho førestillinga om kva ei kvinne er og gjer. I både norrøn og annan litteratur ser me stundom at ein far støyter bort, drep eller ofrar eit born, men me les sjeldan at ei mor drep ungane sine (om me ser bort frå drap på nyfødde). Bodskapen i dei gamle tekstene er snarare at mødrer elskar borna sine atterhaldslaust, og at ei av hovudoppgåvene til ei kone er å gjeva mannen søner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement