JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sonedrapet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2349
20170303
2349
20170303

Då Sigurd er avliden, sit Gudrun vondt i det. For det fyrste må ho leva med at brørne hennar, Gunnar og Hogne, som ho er særs glad i, stod bak drapet på husbonden Sigurd, som ho òg var særs glad i. For det andre vil brørne gifta henne bort til Atle, bror til Brynhild – ho som eggja Gunnar til å ta Sigurd av dage. Gudrun er lite huga på gifta seg att, og ho vil i alle fall ikkje ha Atle. Då mor hennar gjev henne ein gløymsledrykk, går ho likevel med på giftarmålet, men ho spår at det fører lite godt med seg (jf. Det andre Gudrunkvedet).

Det er velkjent at menn kan knyta seg til kvarandre ved å skifta kvinner mellom seg. Men den norrøne litteraturen gjev oss mange døme på at det straffar seg å gifta bort ei kvinne som ikkje sjølv vil. Evna til å tenkja og handla forsvinn ikkje om ho vert ignorert og tøymd: Etter ei stund kan denne evna slå brått og hardt tilbake.

Då Atle tek livet av brørne hennar, slår Gudrun til. I løynd skjer ho over strupen på sønene ho har med Atle, så går ho inn i halla der Atle og hærmennene hans held drikkelag, og så byd ho fram godbitar som i røynda er hjarto og kjøtet frå sønene. Då Atle har ete ferdig, kunngjer ho for alle kva han har togge og svelgt. Sidan drep ho han i ektesenga og set fyr på salen. Såleis rengjer ho førestillinga om kva ei kvinne er og gjer. I både norrøn og annan litteratur ser me stundom at ein far støyter bort, drep eller ofrar eit born, men me les sjeldan at ei mor drep ungane sine (om me ser bort frå drap på nyfødde). Bodskapen i dei gamle tekstene er snarare at mødrer elskar borna sine atterhaldslaust, og at ei av hovudoppgåvene til ei kone er å gjeva mannen søner.

Dei fælslege hendingane er skildra i dikta Atlekvedet og Atlemål. I handskriftet har båe dikta fått tilnamnet «det grønlandske». Kanskje er det ei kopling mellom dikta (og då helst Atlemål) og dei norrøne busetnadene på Grønland, eller kanskje islendingane fann det høveleg å leggja dramaet dit: nært, men samstundes fjernt. I det etterfylgjande diktet – Gudruns egging – seier Gudrun at dei ho syrgjer mest over, er brørne Gunnar og Hogne, den fyrste ektemannen Sigurd og dottera ho hadde med han, Svanhild. Dimed går ho imot den rådande, patrilineære tankegangen som seier at søner er det gjævaste av alt.

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun om eddadikt.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis