Sideblikk
Som julekvelden på regjeringa
Prosedyrane gjentar seg. Det var kjekkare for Støre å bli statsminister enn å vera det.
Då den scenarisk varsla omikronbølgja kom, måtte det improviserast, for planane var ikkje gryteklare. Statsminister Støre i midten, lengst framme, ved sida av finansminister Vedum.
Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor
Jula er tid for mirakel – for dei som trur på jomfrufødsel, men også for oss andre som veit at det snur mot lysare tider når det er som mørkast.
VERTINNA ER IHUGA og svoren sportsidiot, sugen på stolte augneblinkar. Ho stura over at gratis sport utan reklamepausar forsvann frå NRK, men kraup til korset og fann fram til TV 2, TV3 og så bortetter, heilt til ho oppdaga og blei fanga av betalingskanalane.
Nå er ho verpesjuk med ros av dei førjulsrituelle handballjentene og denne vetle islendingen frå Jæren. Når dei kunne snu den forferdelege første omgangen i finalekampen og knusa Frankrike, må Vertinna medgje at under kan skje.
Byråsjefen er MEIR nøktern, men han ser også teikn til eit juleunder etter at dei pandemiske styresmaktene blei hardare i klypa. Som Frode Forland i FHI tyr han til derivering av høgare grad: Den bratte stigingstakta i smittetala ser ut til å vera på veg til å flata ut.
Det er bra for Forvaltninga og regjeringa, for tilliten har falle, sjølv om han framleis er rimeleg høg. At ein allianse av Charter-Svein og stalinisten Pål Steigan tiksar og tuskar og tutar om konspirasjonar, lokkar ikkje illsinte folk ut i kulden til protestar utan munnbind. Dei aller fleste vaksinerer seg og tar ein for laget og seg sjølve. Det er typisk norsk dydsetikk å vera god til å ha tillit.
Om det er politisk pandemiopposisjon i Noreg, så er det mot at det blei opna for tidleg, og at dei nye tiltaka kom for seint og ikkje er stramme nok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.