Solsida av oljepriskrisa

Oljeprisen er halvert. Det er ille for Noreg. Men det er ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

Publisert Sist oppdatert

Få såg raset kome, men brått vart oljeverda heilt omkalfatra. På det siste halvåret har oljeprisen blitt halvert og ligg no og duppar under 50 dollar fatet. For oljelandet Noreg er dette dramatisk. Både utvinninga og den store olje­service­industrien blir råka av prisfallet. Kring 10.000 arbeidsplassar er borte alt, svært mange andre er sterkt truga.

Mykje står på spel for Noreg. Kring 150.000 nordmenn arbeider i oljeindustrien, og ringverknadene gjev kring 100.000 arbeidsplassar til. Petroleumsverksemda har dei siste åra stått for over 20 prosent av BNP, halvparten av eksportverdien og ein tredjedel av statsinntektene.

På den andre sida: Den aukande oljeavhengnaden har vore ei kjelde til uro i mange år, og det var vore sagt til det keisame at Noreg ikkje må bli ein einsidig petroleumsnasjon som Kuwait. «Ein skal aldri kaste bort ei god krise», meinte Winston Churchill. Så om vi skal sjå lyst på det, kva høve opnar dette oljeprisfallet for Noreg?

Ting å gjere

Noreg har som kjent ein stor fordel samanlikna med dei fleste land: Staten er ikkje nedlest i gjeld, men har tvert imot mykje pengar på bok. For tida har Oljefondet ein verdi på kring 6500 milliardar kroner – det er meir enn anslaget på verdien av oljeressursane som er att på sokkelen. Og det manglar ikkje på arbeidsoppgåver for dei hendene som no blir ledige, dersom staten er viljug til å betale. Ikkje minst er det svære behov for å pusse opp infrastrukturen her i landet.

Etterslepet på vedlikehald av offentleg infrastruktur var på kring 800 milliardar kroner, hevda Rådgivende ingeniørers forening (RIF) i ein stor rapport i 2010. Verst stod det til med vass–?og avløpssystemet og jernbanen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement