Solbergsk parlamentarismeOm å bagatellisera tapa og ta kvar siger og kvart nederlag med det same, usårlege smilet.

Om å bagatellisera tapa og ta kvar siger og kvart nederlag med det same, usårlege smilet.

Statsminister Erna Solberg (H) presenterte Jeløya-programmet på Hotel Jeløy Radio saman med Frp-leiar Siv Jensen og Venstre-leiar Trine Skei Grande søndag 14. januar.
Statsminister Erna Solberg (H) presenterte Jeløya-programmet på Hotel Jeløy Radio saman med Frp-leiar Siv Jensen og Venstre-leiar Trine Skei Grande søndag 14. januar.
Publisert

Det gjekk som Trine Skei Grande sa: «It ain’t over till the fat lady sings». Dei tre staute damene i såpeoperaen på Jeløy radio hadde ikkje berre god kjemi; dei fann også felles verdigrunnlag. Alle skal ha fått sigrar utan at andre har lidd nederlag. Ingen er blitt flådd og har mista pelsen, slik at dei må løyna andletet bak nikab eller burka i det offentlege rommet.

Solbergs andre skal leva saman i gode og vonde dagar i truskap til det runde, opne og omfangsrike Jeløya-dokumentet. Der har dei funne fram til største felles mål for dei tre partia. Problemet er at det som er minste felles multiplum for dei tre, også er det for dei fleste andre parti.

Partnarane ville nok ha blitt meir basta og bundne om dei hadde forhandla på den andre sida av Oslofjorden, for der ligg Bastøy som var «Opdragelsesanstalt for forsømte Gutter» før det blei «lavsikkerhetsfengsel» og «arena for ansvarsutvikling». Dei som har sona saman der, har skaffa seg nettverk som har kome godt med sidan – på alle sider av lov og løfte.

BYRÅSJEFEN forstår ikkje kvifor Høgre har vore så oppsett på å få utvida regjeringa. Han minner om prinsesse Dianas ord: «Well, there were three of us in this marriage, so it was a bit crowded.»

Han ville heller ha trudd at det var tid for å snevra inn, frigjera Høgre frå Fremskrittspartiet og etablera seg som det ultimate sentrumspartiet. Han minnest at Willochs lykkelegaste tid som statsminister var i mindretal, då Carl I. Hagen måtte vera medgjerleg, og før «utgiftspartiene» tvang seg inn i regjeringa.

Nå har Erna Solberg klart å sivilisera delar av Fremskrittspartiet og lært seg å leva med dei usiviliserte. Ho har streva med Stortinget, men funne ut av det og levd rimeleg greitt med den solbergske parlamentarismen: Å bagatellisera og bortforklara tapa og ta kvar siger og kvart nederlag med det same, usårlege smilet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement