Sideblikk
Solbergs forhandlingsministerium
Kohortsmitten har trengt gjennom flokkimmuniteten og blitt ein del av folkemålet.
Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie då dei heldt pressekonferanse på Rikshospitalet i mai for å fortelje at dei i revidert nasjonalbudsjett auka driftsløyvingane til sjukehusa med 5,5 milliardar kroner knytt til koronavirusutbrotet.Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie då dei heldt pressekonferanse på Rikshospitalet i mai for å fortelje at dei i revidert nasjonalbudsjett auka driftsløyvingane til sjukehusa med 5,5 milliardar kroner knytt til koronavirusutbrotet.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpixFoto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
Koronaen har vore ein piff for det store regjeringspartiet. Solberg taler ord i opphøgd alvor til folket, men Erna syner seg også fram på sjukeheimar og i sommarparkar. Ho har fått noko landsmoderleg over seg; ingen statsminister har stilt i den vektklassen sidan Gro.
Når det regnar respekt over Solberg og ros på Høie, dryp det rimelegvis på Høgre. Korleis det går for regjeringskohorten, er eit anna kapittel. Etter at formann Siv Jensen frigjorde Framstegspartiet frå det grå og triste fengselet, og dei to små tulleparti ligg fast under sperregrensa, leier Solberg i røynda eit forhandlingsministerium.
REGJERINGSPARTIA må først forhandla seg imellom, med Granavollen som felles truvedkjenning. Det førte til at det massivt lojale fleirtalet i Høgre og Venstre var frivillige samvitsfangar i sosial isolering som vaska hendene, hosta i olbogen og røysta med Kristeleg Folkeparti mot endringane i bioteknologilova.
Etter den interne kohortrunden må den svake mindretalsregjeringa syna fram si avmakt og forhandla med fleirtalsopposisjonen på Stortinget. Der finn firarbanden av Ap, SV, Sp og Frp stadig saman og overprøver regjeringas forsvarsliner.
Dette er eit problem for regjeringa, men også for den trottig arbeidande opposisjonen som har forbetra dei samanraska krisepakkane frå regjeringa og fått med nokre særinteressante fotnotar på kjøpet. Men det som skjer i korridorane og komiteane, er lite synleg. Politisk distansering er alltid nødvendig, men det er ikkje lett når folket ventar at den politiske kohorten skal stå samla i dugnaden mot smitten.
***
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.