Søkjer ein Roosevelt for vår tid

Financial Times-kommentator Martin Sandbu vart forferda då brexit og Trump sigra i val i 2016. Han etterlyser ei radikal økonomiske reform for å verne om eit ope, liberalt samfunn.

Den 23. juni 2016 seier eit fleirtal av det britiske folket ja til å gå ut av den europeiske unionen. Den 8. november same år vel eit fleirtal av dei amerikanske veljarane Donald Trump til president i USA.

Vala har truleg vorte skrivne om og kommenterte av alle som kan kalle seg politisk kommentator, dei tre–fire åra som er gått sidan. Kva var det som fekk folk til å krevje tilbake kontrollen, til å setje heimlandet først? Kva var grunnen til at ulike veljargrupper stod så langt frå kvarandre i synet på samfunnet, og at protestane mot det ein kan kalle den eksisterande verdsordenen, vann fram i val? Korleis hadde kulturskilnadene vakse seg så store i vestlege land? Hadde globaliseringa gått for langt?

I den ferske boka The Economics of Belonging. A Radical Plan to Win Back the Left Behind and Achieve Prosperity for All søkjer Martin Sandbu, europeisk økonomikommentator i Financial Times, å svare på to spørsmål: Kva gjekk gale, og kva kan vi gjere med det? Utgangspunktet hans er eit glødande forsvar for globaliseringa, men òg for eit samfunn med små økonomiske skilnader.

Sandbu seier til Dag og Tid at boka vart til både fordi han hadde ein personleg trong til å forstå kva som, slik han såg det, hadde «gått gale», og fordi han såg stadig fleire politikarar kaste seg på ei antiglobaliseringsbølgje for å halde på veljarar. Som tilhengar av eit globalisert verdssamfunn såg Sandbu tendensane som farlege.

– Det var nesten ingen som freista å forsvare ein open økonomisk verdsorden, og samstundes forstå og akseptere at vi har gjort mykje feil politisk. At dei som er sinte, har grunn til å vere sinte, men ikkje på det opne samfunnet. Eg såg på den posisjonen som svært viktig, fordi eg meinte han var korrekt, og fordi nesten ingen forsvarte han.

Tilknytinga forsvann

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement