Då eg gjekk roleg mot kassa i ein matbutikk her om dagen, smatt ei kvinne inn i køen rett framfor meg. «Din snik», tenkte eg, men lét det passere. Like etter høyrde vi «Ledig kasse» bli ropt ut frå sidelina. Ho som hadde snike seg inn framfor meg, spratt ut av køen og sprang bort til det ho trudde var ei ledig kasse.
Det viste seg køen vår gjekk til kassa som vart opna. Eg fryda meg over bomturen til snikaren, som ikkje stod fremst i køen, og som dermed ikkje skulle ha vore fremst i ein ny kø om ein skal følgje den regelen som mange meiner ein skal.
Medan eg godta meg over manøveren hennar, kom ho opp på sida av meg og sa:
– Eg stod eigentleg framfor deg.
Eg såg på henne utan eit ord, men håper ho kjende blikket mitt i nakken.
Denne episoden fekk meg til å tenkje på den gongen eg skulle flyge frå Havanna til Miami. Eg var ute i god tid; all erfaring seier at ein bør vere ute i god tid på Cuba. To personar stod bak skranken, og vi var kan hende sju–åtte personar i køen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.