Smular til middelklassenSkattereforma gjev berre smular til middelklassen. Likevel sel republikanarane inn reforma som ei velgjerning til arbeidarfamiliane.
Skattereforma gjev berre smular til middelklassen. Likevel sel republikanarane inn reforma som ei velgjerning til arbeidarfamiliane.
Ordstyrar Paul Ryan hadde selskap av republikanarane i Representanthuset då han heldt pressekonferanse etter at dei hadde røysta over skattereforma.
Foto: Jacquelyn Martin / TT / NTB scanpix
Stopp meg om du har høyrt dette før: Ein republikansk presidentkandidat får færre røyster frå folket enn motkandidaten, men hamnar på eit eller anna vis i Det kvite huset likevel.
Trass i den tvilsame legitimiteten til presidenten dreg partifellane i Kongressen nytte av situasjonen til å banke igjennom ein diger skattelette som blæs opp budsjettunderskotet samstundes som han er til urimeleg stor fordel for dei rike. Medan dei store summane går til dei med høge inntekter, kastar skattereforma nokre smular til middelklassen, og republikanarane freistar å selje reforma som ei velgjerning til arbeidarfamiliane.
Så langt er denne framstillinga gyldig for både George W. Bush og Donald Trump. Men så tek forteljinga ei ny vending. Salsframstøyten til Bush var effektiv: Medan skattekuttet i 2001 ikkje var overveldande populært, var det fleire som likte Bush enn det var som ikkje tykte om han, og han gav GOP (Good Old Party = Det republikanske partiet, red. merk.) ein ørliten puff oppover, i det minste. Men skattekuttet til Trump var upopulært frå starten – faktisk mindre populært enn tidlegare skatteaukar.
Og dette skattekuttet ser ikkje ut til å vinne meir støtte over tid. Dei fleste amerikanarane seier at dei ikkje ser nokon positiv verknad på lønsslippen. Haldninga til skattekuttet ser dessutan ut til å gå i negativ lei. Og republikanarane har i det store og heile slutta å nemne lova om skattekutt når dei driv valkamp.
Det reiser spørsmålet: Kvifor er ikkje humbug så lett å selje lenger?
Tidlegare var hykling om budsjettunderskot eit viktig våpen i det politiske arsenalet til GOP. Begge partia tala om å vere ansvarleg i skattesaker, men berre demokratane praktiserte det, og betalte faktisk for politiske initiativ som Obamacare. Likevel vart demokratane straffa for å gjere det rette – du hugsar vel «dei tek 500 milliardar dollar frå Medicare»? – medan republikanarane ikkje såg ut til å svi i det heile for kynismen sin. Veljarane fokuserte på dei ekstra pengane i lomma si og oversåg dei langsiktige konsekvensane av store skattekutt for dei rike.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.