Smittefare frå svenske tilstandarFornyinga skal koma frå dei gamle når nordisk sosialdemokrati leitar etter ein ny dag.

Fornyinga skal koma frå dei gamle når nordisk sosialdemokrati leitar etter ein ny dag.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre undrar seg på om det er lettare eller vanskelegare for framandkulturelle å bli inkluderte og integrerte i Arbeidarpartiet nå enn då Martin Tranmæl var dørvaktar.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre undrar seg på om det er lettare eller vanskelegare for framandkulturelle å bli inkluderte og integrerte i Arbeidarpartiet nå enn då Martin Tranmæl var dørvaktar.
Publisert

Jonas Gahr Støre skal ha sete oppe heile natta og fått ny glød i augo då han las Helge Røeds biografi om Ole Colbjørnsens livsløp og tiltak. Han var ein fortapt son som vende heim med ein politisk gjøkalv til eit svolte parti. Eller rettare sagt: Han kom inn utanfrå, blei sett og høyrt og vann fram. Støre undrar seg på om det er lettare eller vanskelegare for framandkulturelle å bli inkluderte og integrerte i Arbeidarpartiet nå enn då Martin Tranmæl var dørvaktar. Full assimilering er for mykje å venta.

ETTER EIN OVERDOSE av Ola Tiltak kallar Støre seg styringsoptimist. Han seier ikkje lenger at aukande sosial ulikskap er ei nærast naturlovaktig følgje av globaliseringa. Men som Colbjørnsen meiner han det er lite å henta til dagsaktuell politikk hos tåkefyrstar som Marx, Engels og Lenin. Gerhardsen er kanskje eller ikkje rett medisin.

«Vi kan ikke lave Colbjørnsen om igjen i 2018», innser Støre. Men han har lært at Arbeidarpartiet må by på praktiske og truverdige reformer med trepartssamarbeid og forhandlingsøkonomi i sentrum. Blandingsadministrasjon nemner han ikkje.

STØRE HAR LAGT BAK SEG studieturane til Blair for å læra av «New Labour», men er ingen tilhengar av Jeremy Corbyns nygamle variant. Han er der han var som stabssjef for Jens Stoltenberg i den mislykka første regjeringa hans: Ikkje til høgre, ikkje til venstre, men stødig og rett fram. Problemet er at den som vil halda stø kurs, må kjenna undervasskjera, vita kvar ein kjem frå, kva ein vil og kvar ein skal.

Det er såpass forvirrande at den ideologske leiestjerna Erna har fått det for seg at Arbeidarpartiet på ny er blitt revolusjonært. Grunnen er at dei vil høyra på folkefleirtalet i Finnmark og ikkje bøyer seg for det knappe storingsfleirtalet som to gonger har sagt «økseskaft» til ei regional tvangsreform – uansett kva spørsmålet har vore. Tvers igjennom Monica Mæland til siger, liksom.

DEN SVENSKE tilstanden etter valet er at taparen Stefan Löfven vil gravleggja blokkene og samla alle gode og anstendige krefter i lugne og trygge forlik. Medan Socialdemokraterna var ute og bada, har andre parti forsynt seg glupsk av sosialdemokratisk historie og retorikk. Populistske konkurrentar til høgre og venstre meiner seg betre til å tolka folkets vilje. Det moderate høgrepartiet okkuperte kampen mot utanforskap. Sverigedemokraterna har flytta inn i folkhämmet og vil måla det kvitt med sossarnas gamle løfte: «Ordning och reda».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement