Fotografi

Smil til fotografen!

Når viktige menneske møtest, tek dei alltid gruppefoto. Kvifor gjer dei det?

På alle toppmøte blir det tatt bilete. Her frå Ukraina tidlegare i år. Foto: Javad Parsa / NTB
Publisert Sist oppdatert

Året var 1994. Det var like etter pinse, dette, nærare bestemt 25. mai, og Natos forsvarsministrar var kalla til Brussel for å diskutere krigen i Rest-Jugoslavia. Frå Noreg kom Jørgen Kosmo, og dette var hans fyrste ministermøte. Kvar gong viktige personar møtest, anten det er G7, G20, EU eller Nato, skjer det same. Dei set av tid til å ta gruppebilete, og sjølve fotoseansen er samstundes eit høve til å snakke uformelt saman, der dei slentrar inn og finn plassane sine.

Nei, kva tenkte Jørgen Hårek Kosmo denne tysdagen? To var i uniform, mens dei andre var i mørk dress. Og der stod Noregs forsvarsminister i ein kremgul sommardress kjøpt på Finn Neverdahls herreekvipering i Horten. 

Klikk!

Biletet var tatt, og om ikkje anna så kan ein seie at Jørgen Kosmo lyste opp. Dette offisielle biletet skulle forfølge han resten av karrieren. Han blei både stortingspresident og riksrevisor, men den gule dressen blei aldri gløymd. Men var han gul?  

Historisk

På alle store internasjonale møte er det altså eit fast ritual: Dei frammøtte representantane stiller seg opp side om side for eit offisielt gruppebilete – familiefotoet som det blir kalla – og sjølv om det kan verke rutinemessig, har seansen lange historiske røter. Biletet skal synleggjere autoritet, styrke og samhald, og ideen om å forevige maktpersonar byrja alt ved fredsforhandlingane i Westfalen i 1648. Den nederlandske Gerard ter Borch måla delegatane, og slik blei den historiske hendinga dokumentert for all tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement