Smil! Du har gjort ein god deal?Kjeveortopedane får setje prisane sine sjølv. Det vil Høgre ta tak i.
Kjeveortopedane får setje prisane sine sjølv. Det vil Høgre ta tak i.
Kontrolltime hos tannlegen. Kjeveortopedane reknar ut at om lag ein tredel av befolkninga treng regulering, og ofte går plagene i arv.
Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix
Lyset over hovudet på 13 år gamle meg tvingar meg til å lukke auga, og det gjer meg trøytt. Plastremediet som held leppene mine spente opp og bort frå tennene som ein vrengd teltduk, får meg til å revurdere heile greia. Eg har eigentleg gledd meg til å få regulering. Sjølv om eg er oppvaksen med streng beskjed om at eit skeivt smil kan vere svært sjarmerande, gler eg meg til å smile sjølvsikkert med munnen open. Og tenk, no skal eg få ete Go’Morgen-yoghurt til frukost i fleire dagar!
– Ja, korleis går det med deg i dag?
Det er kjeveortopeden som spør, og ein stad mellom den kvite spyttsugarslangen, dei hanskekledde fingrane hans og plastapparatet er eg ikkje heilt sikker på kva han ventar at eg skal svare. Eg lagar ein svak gurglelyd og håpar på det beste.
For nesten tre veker sidan melde NRK at Helsedirektoratet sende inn eit nytt framlegg om støtte til tannregulering for barn og unge. Dei ville endre prioriteringane slik at støtta til dei som har størst behov for kjeveortopedisk behandling, aukar, medan dei som har minst behov, men likevel klart behov, ikkje får støtte i det heile. No vil Høgre på banen, melder rikskringkastaren i ny sak denne veka. For det er kjeveortopedane og kjeveortopedane åleine som får avgjere prisane for tannregulering. Dei er den einaste spesialistgruppa som får setje sine eigne prisar fritt, og attåt får offentleg støtte, går det fram av artikkelen. Dette kan resultere i eit mellomlegg for foreldra på over 20.000 kroner. Og når fleire foreldre må takke nei til regulering til borna sine fordi det er for dyrt, blinkar varsellampane.
Helsedirektoratet ville alt i 2014 flytte finansieringa over i den offentlege tannhelsetenesta for barn og ungdom. Då ville mange av problema ha forsvunne, seier seniorrådgjevar Per Lüdemann i helsedirektoratet til NRK. Så kva er det som står i vegen? Høgre vil no ha på plass ein avtale mellom tannlegeforeininga og staten for å få regulert ned prisane. Det vil hjelpe mange born med skeive tenner og kjeveproblem. Men denne saka er berre eit nytt hòl i ein dårleg stelt tanngard. Ei undersøking på vegner av Fagforbundet Ung viser at 8 av 10 nordmenn gjerne betaler meir skatt for å få jamt billegare tannhelsetenester. Og så lenge det ikkje finst ei eigendelsordning på line med allmennhelsetenesta, vert ikkje tennene sett som ein del av kroppen.
Attende i tannlegestolen er reguleringa nesten på plass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.