Smeltinga skiplar livet i fjordaneSmeltinga til breane kan òg få følgjer for oppdrettsnæringa og for livet i norske fjordar, meiner Jostein Bakke.
Smeltinga til breane kan òg få følgjer for oppdrettsnæringa og for livet i norske fjordar, meiner Jostein Bakke.
Isbreane spelar mange ulike roller i norsk natur. Ei av dei minst påakta er påverknaden brevatnet har på livet i norske fjordar. Smeltevatnet som renn ned fjellsidene i sommarhalvåret, er med på å drive vassirkulasjonen i fjordsystema.
– Når avrenninga frå breane minkar i framtida, kjem det til å endre syklusen til vatnet i fjordane, seier Jostein Bakke.
– Bresmeltinga forsyner fjordane med ferskvatn heile sommaren, og dette set fart på sirkulasjonen. Det ferskvatnet som sig utover fjorden, er med på å trekkje kystvatn inn.
Om smeltevatnet om sommaren blir borte, vil det endre heile fjordsystemet, meiner Bakke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.