Smeltedigelen EU smeltarNår det gjeld immigrasjon, er dei italienske populistane framtida. Merkel er fortida.

Når det gjeld immigrasjon, er dei italienske populistane framtida. Merkel er fortida.

Då skipet «Aquarius», som hadde berga båtflyktningar, vart nekta å leggje til kai i Italia, valde spanske styresmakter å ta imot flyktningane.
Då skipet «Aquarius», som hadde berga båtflyktningar, vart nekta å leggje til kai i Italia, valde spanske styresmakter å ta imot flyktningane.
Publisert

For hundre og ti år sidan skreiv den britiske forfattaren Israel Zangwill ferdig skodespelet The Melting Pot. Stykket vart først sett opp i Washington i oktober 1908, der det vart entusiastisk applaudert av president Theodore Roosevelt. Skodespelet prisar USA som ein gigantisk smeltedigel som smeltar saman «keltarar og latinarar, slavarar og teutonarar, grekarar og syrarar – svarte og gule – jødar og gudlause» til eitt folk.

«Ja», erklærer hovudkarakteren i stykket (til liks med far til Zangwill ein jødisk immigrant frå Russland), «aust og vest og nord og sør, palmen og furua, polen og ekvator, halvmånen og krossen... Her skal dei alle sameinast for å byggje Menneskerepublikken og Guds kongedømme.»

Det er heller vanskeleg å sjå for seg at eit liknande stykke vert skrive om EU tidleg i det 21. hundreåret. Men det er lett å sjå for seg eit heilt annleis skodespel, der tilstrøyminga av migrantar frå heile verda vil ha motsett verknad av den Zangwill fantaserte om. I staden for å leie til samansmelting leier Europas migrasjonskrise til spalting. Stykket kunne ha tittelen The Meltdown Pot.

I aukande grad trur eg migrasjonssaka vil bli sett på av framtidige historikarar som det lagnadssvangre løysemiddelet for EU. I krønikene deira vil brexit berre vere eit tidleg symptom på krisa. Påstanden deira vil vere at ei massiv folkevandring knuste det europeiske integrasjonsprosjektet, avdekte veikskapen til EU som institusjon og dreiv veljarane attende til nasjonal politikk for å finne løysingar der.

Lat oss byrje med storleiken på tilstrøyminga. Berre i 2016 reknar ein med at 2,4 millionar migrantar kom til dei 28 medlemsstatane frå land utanfor EU, og bringa den utanlandsfødde folkesetnaden i unionen opp til 36,9 millionar, meir enn 7 prosent av totalen.

Dette kan vere berre byrjinga. Ifølgje økonomane Gordon Hanson og Craig McIntosh vil «talet på Afrika-fødde førstegenerasjonsmigrantar i alderen 15 til 64 år utanfor Afrika sør for Sahara vekse frå 4,6 millionar til 13,4 millionar mellom 2010 og 2050». Dei fleste av desse vil truleg setje kursen mot Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement