Politikk
Smekk til Nybø frå ombodsmannen
Nærings- og fiskeridepartementet ved statsråd Iselin Nybø får klar kritikk frå Sivilombodsmannen for hemmeleghald.
Næringsminister Iselin Nybø får kritikk frå Sivilombodsmannen.
Foto: Torstein Bøe / NTB
Departementet får kritikk for å ha halde søknaden frå forsvarsminister Frank Bakke-Jensen hemmeleg då han ville bli fiskeridirektør.
Bakke-Jensen søkte på direktørstillinga 16. juni i fjor, meir enn ein månad etter at søknadsfristen var ute. Søknaden vart hemmeleghalden av heilt til han vart utnemnd i stillinga i statsråd 21. september.
Dag og Tid tok hemmeleghaldet opp med departementet og bad om grunngjeving for avgjerda, som framstod som eit klart brot på hovudregelen i offentleglova og rettleiaren Justisdepartementet har laga til lova.
Departementet opplyste at Bakke-Jensen hadde bede om anonymitet, og departementet argumenterte med at statsråden var avhengig av tillit i arbeidet i Forsvarsdepartementet, og at det kunne verke motsett om det vart kjent at statsråden søkte ny stilling.
Dag og Tid utfordra departementet til å konkretisere og utdjupe forklaringane sine utan at det gav meir informasjon.
Avgjerda om hemmeleghald vart derfor klaga inn for sivilombodsmannen, som tok opp saka.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.