Slutt å kalle Trump populistBodskap til dykk i nyheitsmedia som held fram med å kalle Donald Trump «populist»: Eg trur ikkje det ordet tyder det de trur det tyder.
Bodskap til dykk i nyheitsmedia som held fram med å kalle Donald Trump «populist»: Eg trur ikkje det ordet tyder det de trur det tyder.
President Donald Trump på Tampa Bay Technical High School i Florida 31. juli. Trump er ingen ven av arbeidsfolk i USA, slik plakaten bak han tyder på, meiner Paul Krugman.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB scanpix
Det er sant at Trump framleis ved somme høve opptrer som ein som forsvarar interessene til vanlege amerikanske arbeidsfolk mot eliten. Og eg vil tru at omfamninga hans av kvit nasjonalisme på eit vis gjev ei røyst til vanlege amerikanarar som deler rasismen hans, men har kjent seg ute av stand til å målbere fordommane sine offentleg.
Men han har vore president i eitt og eit halvt år. Det er tid nok til å bli vurdert etter kva han gjer, ikkje etter kva han seier. Og regjeringa hans har vore nådelaust mot arbeidsfolk på alle frontar. Trump er om lag like populistisk som han er gudeleg – det vil seie: ikkje i det heile.
Lat oss starte med skattepolitikken. Der har Trumps største lovgjevingsbragd vore eit skattekutt som i hovudsak kjem selskapa til gode – skattenivået deira har falle dramatisk – og ikkje gjort noko som helst for å auke lønene. Skattekuttet gjer så lite for vanlege amerikanarar at republikanarane har slutta å bruke det i valkampar. Likevel har regjeringa lufta tanken om å nytte eit presidentdekret (noko som truleg ville vere ulovleg) til å redusere skattane for dei rike med 100 milliardar dollar ekstra.
Og så er det helsepolitikken, der Trump har mislukkast i å avskaffe Obamacare, noko som ville vore eit hardt slag mot arbeidarfamiliar. I staden har han engasjert seg i ein sabotasjekampanje som kan ha auka forsikringspremiane med bortimot 20 prosent i høve til det dei elles ville ha vore. Det er ikkje til å unngå at denne premieauken råkar hardast dei familiane som tener akkurat litt for mykje til å kunne subsidierast, det vil seie det øvre sjiktet av arbeidarklassa. I arbeidspolitikken har Trump-regjeringa gjort framstøytar på fleire frontar for å fjerne forskrifter som har verna arbeidarar mot utbytting, skadar og meir.
Men direkte politikk fortel ikkje heile historia. Ein bør sjå på utnemningane Trump har gjort òg. Når det gjeld politikk som får følgjer for arbeidarar, har Trump skapt eit team av kompisar. Så å seie kvar viktig stilling har gått til ein lobbyist eller nokon med sterke finansielle bindingar til næringslivet. Arbeidarinteresser har ingen representasjon i det heile.
Nominasjonen av Brett Kavanaugh til høgsterett fortener særleg merksemd. Det er mykje vi ikkje veit om Kavanaugh, til dels fordi republikanarar i Senatet blokkerer krava frå demokratar om meir informasjon. Men det vi veit, er at han er ekstremt arbeidarfiendtleg – langt til høgre for mainstream og monaleg til høgre for dei fleste republikanarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.