Slik vil regjeringa få ned asyltala
I vekene frametter kjem det fleire tiltak for å få ned asyltala. Truleg skal regjeringa prøva å få sendt syrarane som kjem via Russland, attende til Russland.
Det er ingen løyndom at regjeringa og Justisdepartementet arbeider med tiltak for å få ned talet på asylsøkjarar, det har justisministeren sagt mange gonger. Førre veke kom det fyrste: Det vert slutt på å gje permanent opphald i Noreg, fyrst etter fem år vil syrarane eventuelt kunna søkja om permanent opphald i Noreg. Er det etter fem år fred i delar av Syria, kan dei som har fått mellombels opphald, verta sende attende. Det andre tiltaket vart varsla onsdag. Då sa justisministeren at dei som har vore lenge i Russland, skal stoggast ved grensa. Dag og Tid har tala med fleire i regjeringsapparatet som ikkje vil uttala seg offisielt om kva nye tiltak som kjem, men som har vore viljuge til å orientera om kva dei vurderer i byte mot ikkje å verta siterte.
Ulik asylpraksis
Det er ein nokså vanleg påstand at det norske asylregimet ikkje kan endrast av di vi er bunde opp i internasjonale traktatar, men sanninga er at Noreg kan gjera nokså mykje, og at det innanfor EU-systemet er svært ulik asylpraksis. Danmark, til dømes, får svært få asylsøkjarar samanlikna med nabolanda. I EU no ligg Tyskland og Sverige på topp, men òg Finland og Noreg får svært mange jamført med gjennomsnittet i EU. Grunnen til at Danmark får få, er at dei lèt vera å registrera dei som kjem over grensa frå sør, og at dei nesten heilt har slutta å gje asylsøkjarane kontantstønader. I tillegg gjev dei berre opphald for eitt år av gongen, kvart år må altså asylsøkjarane søkja på nytt. Slik gjer regjeringa i Danmark deira land mykje mindre attraktivt og grannelanda som har eit mykje rausare system, meir attraktive.
Dei vi har tala med, seier at Noreg truleg må gjera det same som Danmark, og viser til at Stortinget ved to høve under Stoltenberg II har vedteke at Noreg over tid ikkje kan føra ein rausare politikk enn andre land i EU. Rett nok tok SV dissens på dei innstramingane Stoltenberg II førde inn, men det var eit breitt fleirtal i Stortinget som vedtok at Noreg ikkje skal framstå som meir attraktivt enn andre land. Dimed har regjeringa heimel til å føra inn eit dansk regime.
Paragraf 32
Men det største tiltaket vert nok å taka i bruk prinsippet om ikkje å «realitetsbehandla» søknader frå såkalla trygge fyrsteland. Det tyder at Noreg fullt ut vil søkja å nytta seg av paragraf 32 i utlendingslova, og det kan regjeringa gjera utan å spørja Stortinget om lov; Stortinget har permanent gjeve utlendingsmakta høve til å nytta denne paragrafen. (Sjå undersak for nærare drøfting av denne paragrafen.) Paragraf 32 er formulert slik: «§ 32. Internasjonalt samarbeid mv. om behandling av søknader om opphold av beskyttelsesgrunner
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.