JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Slik struper Russland det frie ordet

Før frykta russiske journalistar å verte myrda. I dag kveler komplisert jus og politisk innblanding det som er igjen av kritisk presse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne legg ned blomar ved eit portrettfotografi av den myrda journalisten Anna Politkovskaja.  Regimekritikaren Politkovskaja  vart drepen av ein ukjend gjerningsperson i 2006.

Foto: Pavel Golovkin / AP /NTB scanpix

12974
20200515

RUSSISK YTRINGSFRIDOM

Russland har over 147.000 medieverksemder, ifølgje tal frå det russiske medietilsynet Roskomnadzor.

Tre TV-kanalar sender over heile landet: Kanal 1 (kontrollert av staten), Russland-1 (eigd av staten) og NTV (overteken av staten i 2001).

118 millionar russarar er aktive internettbrukarar, noko som utgjer over 80 prosent av befolkninga. 70 millionar russarar er aktive på sosiale medium.

Russland er rangert på 149. plass på pressefridomsindeksen til Reporterar utan grenser.

I fjor vart 187 journalistar eller redaktørar arresterte i Russland.

VIKTIGE HENDINGAR

7. mai 2000: Vladimir Putin vert teken i eid som Russlands president.

11. mai 2000: Den russiske skattevesenet, påtalemakta og tryggingstenesta stormar hovudkvarteret til landets største private TV-kanal, NTV. Kanalen blir overteken av Gazprom Media, eit dotterselskap av den statlege gassgiganten Gazprom.

7. oktober 2006: Russlands mest kjende journalist, regimekritikaren Anna Politkovskaja, vert myrda.

2012: Loven for å «beskytte born mot informasjon som er skadeleg for helsa og utviklinga deira» vert vedteken.

2013–2014: Dersom du «fornærmar kjenslene til truande» risikerer du store bøter eller opptil eitt år i fengsel. Styresmaktene får fullmakt til å blokkere nettstader som «oppmodar til masseopptøyar, ekstremistiske aktivitetar eller deltaking i ikkje-sanksjonerte massemøte».

Alle som skriv på internett, også i sosiale medium, må følgje medielovane. Du kan verte straffa for kommentarar tredjepersonar legg att.

Det vert ulovleg å stille spørsmål ved den territoriale integriteten til Russland.

2016: Russiske tryggingstenester kan krevje å få utlevert krypteringsnøklar for koda innhald på internett.

2017: Alle mediehus som mottar finansiell støtte frå utlandet, kan bli registrerte som «utanlandsk agent».

2019: Agentloven for media vert utvida til også å gjelde individ. Journalistar og fotografar som får honorar eller andre ytingar frå utlandet, risikerer no å hamne i agentregisteret.

Utanriks

amund.trellevik@gmail.com

«Eg er ikkje sliten, men eg sluttar.»

Slik opna redaktøren av nettavisa B-Port avskjedsmeldinga si på Facebook i mars. Vjatsjeslav Gorodjetskij starta i 2005 ei nyheitsavis i Murmansk. Avisa har skrive om stort og smått av det som rører seg i den arktiske byen nokre timars køyring aust for Finnmark: trafikkulukker, lokalpolitikk, bustadprisar, fiskeri. Avisa har ti tilsette og rundt 20.000 lesarar kvar veke. Men no gjev Gorodjetskij opp. Situasjonen for nyheitsmedium som avisa hans har endra seg raskt i det siste, og ikkje til det betre, forklarer han. Det er særleg dei stadige telefonsamtalane frå folk «oppe i systemet» som har gjort det å nær umogleg å drive med normal journalistikk.

– Talet på samtalar «ovanifrå» er mangedobla, også førespurnader om å fjerne eller redigere innhaldet. Det å ha si eiga meining og uttrykke henne vart til slutt ein luksus, skriv Gorodjetskij.

I dårleg selskap

Russland er rangert på 149. plass på pressefridomsindeksen til ytringsfridomsorganisasjonen Reporterar utan grenser. Landet er i selskap med korrupte og vanskjøtta land som Honduras, Den demokratiske republikken Kongo, Venezuela og Pakistan. Mediefridomen vert definert som «vanskeleg» i Russland. Landet er berre åtte plassar over den svarte kategorien «svært alvorleg», der vi finn land som Somalia, Sudan og Tadsjikistan.

«Leiande uavhengige medium har vorte anten overtekne eller strupte. Etter kvart som TV-kanalane held fram med å oversvømme sjåarane med propaganda, har klimaet vorte veldig undertrykkande for dei som stiller spørsmål ved den nye patriotiske og nykonservative diskursen eller berre forsøkjer å oppretthalde kvalitetsjournalistikk», skriv organisasjonen i si oppsummering av Russland anno 2020.

Sidan 1991 har 268 journalistar vorte drepne i Russland, ifølgje tal frå organisasjonen Fondet for vern av Glasnost. Faren for å bli myrda har blitt litt mindre: «Berre» 33 av dødsfalla har kome dei siste ti åra. Men talet på fengsla journalistar aukar. I fjor vart det registrert 187 arrestasjonar av journalistar eller redaktørar. Det er det høgaste talet sidan organisasjonen byrja å registrere slike saker i 2006.

Fysisk vald er ikkje lenger det største trugsmålet for uavhengige medium i Russland. I dag er det eit stadig meir komplisert og inngripande lovverk som effektivt struper det som er igjen av kritiske røyster i russisk journalistikk.

Korleis enda Russland her?

Kursk-tragedien

President Vladimir Putin har utdanning frå KGB og jobba i fleire år som agent i det totalitære Aust-Tyskland, før han vart sjef for Russlands føderale tryggingsorgan FSB. Ingenting ved Putins bakgrunn tilseier at han skal vere oppteken av demokrati, frie val eller uavhengig presse. Medium han ikkje kan kontrollere, er rusk i maskineriet.

Det er uvisst når Putin innsåg at han måtte ta kontroll over media for å konsolidere makta si i Kreml. Men spesielt to store hendingar vert trekte fram for å vise korleis uavhengige medium kunne utfordre presidenten. Under den tsjetsjenske krigen i 1999 vart grufulle skildringar av Russlands krigføring sende direkte inn i russiske TV-stover. Russiske styrkar skulle slå ned eit separatistopprør, og krigen førte til enorme lidingar. Begge sider i konflikten gjorde seg skuld i grove krigsbrotsverk: åtak på sivile, kidnappingar, avrettingar av krigsfangar, valdtekt og tortur. Republikkhovudstaden Groznyj vart lagd i grus. Å ha reporterar gåande fritt på bakken var eit problem for den offisielle historieforteljinga.

Den andre hendingavar då atomubåten «Kursk» sokk i Barentshavet 12. august 2000, og 118 russiske sjømenn drukna. Først ti dagar etter katastrofen kom Vladimir Putin til marinebyen Vidjadjevo, midt mellom Murmansk og Kirkenes. Sørgjande etterkomarar, mange av dei unge enkjer med born, var rasande då presidenten besøkte forsamlingshuset «Offisershuset». Først ni timar etter at ubåten sokk, hadde leiteaksjonen blitt sett i gang. Presidenten vart ikkje informert før neste dag. Russiske styresmakter kommenterte ulukka offisielt først to dagar etter at ho inntrefte. Då forsikra den russiske marinen om at det var oppretta kontakt med ubåten, og at alle om bord var i live. Alt dette var løgn. No ville dei sørgjande ha svar. På direktesendt TV vart presidenten skjelt ut for handteringa av ulukka.

«Moralsk stagnasjon»

Lenge før Vesten vart oppteken av kåra til pressefridomen i Russland, var det fleire som ropte varsku om utviklinga i landet. I ein tekst som den kjende journalisten Anna Politkovskaja skreiv kort tid før ho vart drepen i 2006, publisert på norsk i boka Anna Politkovskaja – Russlands tapte samvittighet, tok ho eit oppgjer med det ho meiner er eit moralsk forfall blant kollegaer: «Nesten hele den nåværende generasjonen av russiske journalister og de delene av massemediene som har overlevet til nå, er klovner av den typen som skal sørge for at publikum blir underholdt. Hvis de absolutt må skrive om noe alvorlig, skal de bare fortelle hvor vidunderlig Maktens Pyramide er i samtlige av sine uttrykk.»

«Journalister og programledere har med begeistring hengitt seg til sin nye rolle i sirkusteltet. Kampen for å formidle upartisk informasjon i stedet for å opptre som presidentadministrasjonens tjenere hører allerede fortiden til. En atmosfære av intellektuell og moralsk stagnasjon dominerer innen det yrket også jeg tilhører, og det må sies at de fleste av mine journalistkolleger ikke har særlig store problemer med denne omvendelsen fra journalistikk til propaganda for den til enhver tid sittende makt.»

Ho skriv vidare:

«Hva som skjer med journalister som ikke ønsker å opptre i sirkusteltet? De blir pariaer. Jeg overdriver ikke.»

På president Putins 54-årsdag 7. oktober 2006 vart Anna Politkovskaja skoten og drepen i heisen i bustadblokka ho budde i i Moskva. Drapet var ei rein avretting. Teksten som vart funnen på datamaskina hennar etter drapet, hadde tittelen «Hva er det jeg har gjort meg skyldig i?». I siste avsnitt forsøkjer Politkovskaja sjølv å svare: «Jeg har bare skrevet om det jeg har vært vitne til, intet annet enn sannheten.»

Politkovskaja var ei tydeleg og kompromisslaus stemme i russisk journalistikk. Ho reiste regelmessig til krigsområda i Nord-Kaukasus og rapporterte om lagnaden til dei som hadde mista sine næraste i konflikten. På kontoret til avisa ho jobba i, Novaja Gazeta (Ny Avis), var det ein konstant straum av besøkjande frå Tsjetsjenia. Dei hadde ingen andre å gå til med lidingane sine.

Kritikarane meinte at Politkovskaja blanda rollene som journalist og aktivist. Ho var ein hard kritikar av president Putin, noko ho ikkje la skjul på, verken i artiklane sine eller i andre samanhengar. Men Politkovskaja var først og fremst ein journalist som sette det frie ordet høgt.

– Det som betyr noko, er informasjonen, ikkje kva du meiner om han, svara ho ein gong på spørsmålet om kva det profesjonelle mottoet hennar var.

Fengsel

Fjoråret vart eit nytt, dystert rekordår for den russiske organisasjonen Senter for vern av medierettar. Sidan midt på 90-talet har senteret gitt juridisk hjelp til journalistar, fotografar og bloggarar. I fjor ytte organisasjonen hjelp i 111 rettssaker og 109 rettsmøte. Det er det høgaste talet sidan oppstarten. Gjennom året gav senterets juristar hjelp i over 4000 ulike saker i alle deler og regionar i landet.

Men kanskje viktigast: Meir enn 100 russiske mediehus vert konsulterte med jamne mellomrom. Dette inkluderer «juridisk gjennomgang» av ikkje-publisert innhald.

– Me gjev råd om korleis mediehusa skal redigere materialet slik at det kan publiserast utan at dei bryt lovene, seier Galina Arapova, direktør for organisasjonen.

Kvar dag, også i helgene, mottar Senter for vern av medierettar mellom 20 og 50 telefonar frå journalistar frå heile landet. 17 tilsette, av dei seks advokatar med medierett som spesialfelt, jobbar døgnet rundt for å hjelpe. Det er alltid journalistar på jobb i eit land som strekkjer seg over ni tidssoner.

– Av og til kan me svare raskt, sidan me har jobba med same tema og problematikk tidlegare. Men om nokon tek kontakt og treng hjelp med ein graveartikkel på 20 sider… Ja, då må du jobbe deg gjennom heile teksten, seier Arapova og legg til:

– Me tek alle saker, uansett. Også bloggarar får hjelp, sidan dei ofte er i ein sårbar posisjon utan ein arbeidsgjevar i ryggen.

Det er mindre vald i det russiske samfunnet er det var for ti år sidan, men sensurkontrollen er større. Dersom du ønskjer å øydeleggje livet til ein journalist, kan du i dag bruke andre metodar enn tidlegare.

Ærekrenking

Ofte handlar det om einskildord og formuleringar. Kvart avsnitt må lesast med lupe for å unngå strafforfølging. Enkelte tema kan ikkje omtalast: Etter den russiske annekteringa av Krim i 2014 vedtok det russiske parlamentet ein lov som gjer det straffbart å stille spørsmål ved Russlands territoriale integritet «innanfor det som regjeringa vurderer er landets grenser». Den russiske straffelova 280-1 vert no målretta brukt for å til dømes straffe journalistar som kritiserer den russiske okkupasjonen av ukrainske Krim, som journalisten Mykola Semena. I 2016 vart han arrestert av russiske styresmakter på Krim og sikta for å «agere mot den territoriale integriteten til den russiske føderasjonen». Han vart dømd til to og eit halvt år i fengsel for separatisme, i tillegg til yrkesforbod og utreisenekt frå Russland i tre år.

I all hovudsak kan dei juridiske trugsmåla for russiske journalistar delast inn i to kategoriar, opplyser Arapova: ærekrenkingar, der motparten kan vere ein politikar eller forretningsmann, og såkalla «administrative saker», der motparten er det mektige russiske medietilsynet, Roskomnadzor. I sistnemnde saker vinn staten med få unntak fram i domstolane.

– Dei som driv med journalistikk i Russland i dag, er modige. Dei forstår at dette er farleg. Men dei er profesjonelle og gjer ein imponerande jobb utan å vite om dei er trygge, seier Arapova.

I Murmansk jobbar redaktør Gorodjetskij med eit nytt journalistikkprosjekt. Korleis dette prosjektet kjem til å sjå ut, om det vert eit nytt byrå, ei nettavis eller noko anna, veit han ikkje enno.

– Eg har styrt B-Port i 11 år, og for meg personleg er dette nyheitsbyrået ein del av livet mitt. Derfor har avgjerda om å slutte vore vanskeleg, uvanleg og ekstraordinær. Men dette er vurdert nøye. Det er vanskeleg å gje eit døme på ei hending som fekk begeret til å renne over. Det har vore ein serie av episodar. Me har aldri dansa til vanleg melodi og har alltid forsøkt å snakke på ein annan måte, i motsetning til normene og reglane som dei har ønskt å pålegge oss, seier Gorodjetskij.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Me gjev råd om korleis mediehusa skal redigere materialet slik at det kan publiserast utan at dei bryt lovene.»

Galina Arapova, direktør ved
Senter for vern av medierettar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis