Kommentar

Slavehandel med migrantar

Kamuflert som hjelp til flyktningar er slavemarknaden frå gamle dagar skapt på ny.

Lastebillass etter lasterbillass med migrantar rullar inn i ein lukka leir i Gharyan i Libya 12. oktober 2017. Mange her har rapportert om slavehandel.
Lastebillass etter lasterbillass med migrantar rullar inn i ein lukka leir i Gharyan i Libya 12. oktober 2017. Mange her har rapportert om slavehandel.
Publisert

Ei mengd organisasjonar som tilsynelatande skal hjelpe flyktningar, driv med menneskesmugling inn i Spania og Frankrike via Nord-Afrika. Onsdag 8. august slo spanske og franske medium stort opp at eit internasjonalt samarbeid mellom politistyrkar hadde sprengt ein omfattande liga for slavehandel. Eit trettitals personar vart arresterte, og kring 300 menneske frigjevne frå det som venta, nemleg ulønt slaveri som tiggarar, prostituerte og i visse høve arbeid i narkotikaproduksjon eller anna. Andre var alt vidaresende.

Avslørte liga

Politiet i den vestfranske regionen Nouvelle Aquitanie hadde notert seg tilflyt av papirlause tiggarar og prostituerte, men fekk ikkje tak i «forsyningslinene». Éin dag fekk dei rapport frå nokre mistenksame landsbybuarar som hadde lagt merke til at to personar såg ut som om dei heldt vakt og tok imot grupper av folk på togstasjonen Saint-Sébastien i den vesle byen Creuse. Politiet overvaka og analyserte trafikken, kartla saman med spansk politi rutene i Spania og rulla dermed opp eit sinnrikt transportsystem skapt av ein liga organisert i celler, oppetter frå Vest-Afrika og heilt til Paris.

Fyrst har ligaen rekruttert migrantar, med løfte om lovleg EU-opphald, i landa Senegal, Mali, Guinea og Elfenbeinskysten. Dinest er desse frakta i større grupper til Marokko, der dei er delte opp i grupper på under 30 og frakta til Spania i småbåtar. Kvar gruppe har så fått delt ut verdlause papir og er førespegla arbeid, husvære og løn. Gruppene er dinest samla i eit hemmeleg mottakssenter like nord for Pyreneane. Derifrå er dei tekne med i bussar, varebilar eller tog til mindre byar, der dei er samla igjen og frakta innesperra i containerar eller vogntog ulike vegar nordover til storbyane, fyrst og fremst Lyon, Nantes og Paris. På mottaksstadene har dei fått faste vaktarar, og dei har budd i bur, kjellarar eller på andre måtar blitt sperra inne. Alt dei har tent som tiggarar eller prostituerte, er blitt beslaglagt. I mange tilfelle er folk regelrett selde til ulike slag mottakarar. Førebels seier politiet at dei har oversyn over korleis hundretusenvis av euro har skifta hender i dei siste rundane.

Samarbeid

Heilt konkrete opplysningar har ikkje ålmenta fått om ansvarlege og geografiske punkt, for det er fyrste gong eit slikt nettverk er fullstendig rulla opp i samarbeid mellom mange land. Politiet satsar på å forfylgje spor dei har om tilsvarande opplegg. Diverre ser det ut til å verte eit Sisyfos-arbeid å halde fram, og det må store løyvingar til for å byggje ut spesialstyrkar til å ta seg av smuglinga, som er laga for å kunne forvekslast med hjelpeaksjonar for flyktningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement