JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Slankekrigen

For første gong sidan 2005 når ikkje USA målet om å rekruttere 76.000 nye soldatar. Overvekt får skulda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Krava til vekt og høgd i forsvaret er annleis i Noreg enn i USA. Biletet er frå Rena militærleir i 2017.

Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix

2635
20181019
2635
20181019

– Vi kalla dei berre for kongens avrak. Kom du ikkje inn i militæret, kunne du ikkje nyttast til noko som helst, seier kjærasten til mor mi og ler.

Han snakkar om førstegongstenesta då han var ung.

– Alle måtte inn, seier han.

Tidlegare denne veka melde Pentagon at USA ikkje vil greie å få inn 76.000 nye soldatar, slik målet har vore dei siste 13 åra. Ein av tre amerikanske unge er nemleg for overvektig til å kome inn i militæret.

– Fedme utgjer ein trussel for den nasjonale tryggleiken i landet, skriv NRK.

For overvekt er ein av dei viktigaste grunnane til at 71 prosent av unge i USA ikkje er skikka til militærteneste.

– Før kunne du verte arrestert dersom du nekta militæret. I dag treng du berre å vere for tjukk, så slepp du ikkje inn?!

Spørsmålet kjem frå ei veninne, og eg ler høgt. Men hypotesen hennar stemmer ikkje heilt. Eg tenkjer attende på då eg som 17-åring i 2009 stod i gangen med sesjonsbrevet i handa. I eit forvirra minutt lurte eg på om eg no måtte i militæret. Ordet «frivillig» hadde eg ikkje fått med meg medan eg skumma det offisielle arket. USA har heller ikkje verneplikt. Skal ein i militæret i USA, må ein søkje, og krava til vekt og fysisk form er annleis enn i Noreg. Mellom anna skal ein mannleg soldat på 17–20 år ha ein kroppsmasseindeks (BMI) på 25,7 eller lågare, ifølgje høgde- og vektkrava til den amerikanske hæren. I Noreg er den absolutte BMI-grensa til forsvaret 35.

Tyder dette at krava for å kome inn i forsvaret i USA er for strenge, tenkjer eg. Rekrutterer dei berre badebuksemodellar? Eg fantaserer fram ein tittel i versalar på netthinna mi: «USA innfører verneplikt for første gong sidan 1973 – greier ikkje å rekruttere nok normalvektige soldatar».

Men landet har hatt ein auke i overvekt og fedme heilt sidan 1980. Overvekt og fedme er eit globalt problem, og i USA er problemet størst: Nesten 40 prosent av vaksne har fedme. Og alt i 2010 var overvekt ein av dei viktigaste grunnane til å avvise søkjarar til militæret. Likevel kjem ikkje rekrutteringsproblema berre av at dei unge er for tjukke. Overvektige amerikanarar utgjer 33 av 71 prosent som ikkje er skikka til militærteneste. Resten, 38 prosent, blir avviste på grunn av til dømes narkotikamisbruk og manglande utdanning. Dessutan gjer høgare sysselsetjing og sterkare økonomi at færre er interesserte i militærteneste.

Løysinga, ifølgje rapporten, er å fremje fysisk aktivitet og kosthald i skulen. No er òg militæret med i krigen mot overvekt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rekrutterer dei berre badebuksemodellar?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis