Slaktarkjerringa og dei heilage kyrne
Solveig Hornes twitra tvisyn var ikkje berre legitimt, men teikn på eit naudsynt og prisverdig liberalt instinkt.
Sist veke gjekk pressa laus på den nye familieministeren. I eit uvêr av presseoppslag lyste det opp svære transparent om «homohatar». Vi fekk òg ei Facebook-side som ville at «Solveig Horne må gå», slik at vi i staden kunne få ein minister «som viser forståelse for at voldtekt er noe folk ikke ønsker». Er verkeleg Solveig Horne ein homohatar som meiner at dei valdtekne kvinnene har like mykje ansvar som valdtektsforbrytaren? Sjølvsagt ikkje.
I Twitter-meldinga frå 2010, der ho «lurer på om det er helt greit at barnehagene leser homoeventyr for små barn», tok ho ikkje til orde for å fremja diskriminering av minoritetar. Ho kommenterte ein artikkel i Vårt Land som handla om arbeidet til regjeringa med å «overføre den kjønnsnøytrale samlivsideo-logien til barnehagen», som journalisten skreiv.
New Age-kurs
Som ein lekk i dette arbeidet hadde departementet støtta produksjon og distribusjon av ei handbok som tok sikte på å «utvide barns kjønnsidentitet» og innlemma seksuelt mangfald i kunnskapsformidlinga til to-, tre–?og fireåringar. Dette var eit prosjekt for endring av medvit på djupt nivå. Personlegdomen hos dei tilsette i barnehagen, hos borna og hos foreldra skulle endrast gjennom øvingar som gjev assosiasjonar både til medvitsutvidande New Age-kurs og til politiske omskoleringsprogram.
Under leiing av ein ekstern «profesjonell samtalepartner» skulle dei tilsette verta «kjønssensitive» gjennom sjølvgransking, liggjande på ei «yoga-matte» til «stillferdig musikk» medan «veilederen» med langsam røyst les opp spørsmål for dei, og dei finn ut om dei har vore utsette for «kjønnstypiske læringsstrategier» i barndomen.
Deretter skal borna og dei tilsette observerast med video-kamera «nærmest som et overvåkningskamera» med vidvinkel «for å få med hele rommet», for seinare analyse. Borna skal intervjuast, i løyndom, idet pedagogane læst som dei leikar med dei og lèt ei handdukke koma med spørsmål for å avdekkja kjønnsstereotypiske haldningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.