Sladrehanken på handleddet

Smartklokker kan fortelje mykje om oss. Men kven fortel dei det til?

Publisert Sist oppdatert

Dei av oss som har blitt hekta på smartklokker, veit ikkje eigentleg korleis vi har det før vi har kasta eit blikk på den vesle skjermen på armen. Dei gamle pulsklokkene kunne ikkje måle særleg meir enn namnet tilseier. Dei nye smartklokkene og smartarmbanda, såkalla wearables, måler derimot langt meir enn hjarteslag. Desse reiskapane kan kontinuerleg registrere blodtrykk, stressnivå, søvnkvalitet og kvart steg du tek, dei kan fortelje deg om oksygenopptak, kondisjon og biologisk alder og kan varsle deg om du får ujamn hjarterytme. Somme av dei meir avanserte klokkene kan levere eit elektrokardiogram på sekundet.

Dette er informasjon av det ekstremt personlege slaget. Om slike data vart samla inn av legar og anna helsepersonell, ville det vere strenge reglar for korleis informasjonen skal lagrast og handterast. Men når det handlar om data frå smartklokker, er ikkje lovverka rundt i verda like klare. Og her ligg det nokre store og merkeleg lite påakta personvernproblem.

Folkesport

Det tok ei stund etter lanseringa av Apple Watch i 2014 før smartklokkesalet tok av, men no har denne marknaden vakse seg stor. I verda blir det selt over 200 millionar smartklokker årleg. Og nordmenn, som elskar digitale dingsar høgare enn dei fleste folkeferd, har sidan 2015 til saman kjøpt over åtte millionar smartklokker og smartarmband, syner tal frå stiftinga Elektronikkbransjen.

Ei rekkje av teknologigigantane er med i smartklokkespelet. Apple, Samsung, Huawei, Lenovo, LG, Asus og Garmin er blant selskapa som kjempar om plassen på handledda våre, i tillegg til ei rekkje mindre aktørar. Google kom seint på banen, men i 2021 brukte selskapet over 20 milliardar kroner på å kjøpe smartklokkeselskapet Fitbit.

Den summen fortel at dette er ein lukrativ industri. Og som tilfellet er med mange andre typar digitale produkt, frå dataspel til søkjemotorar, ligg ein god del av dei potensielle inntektene frå såkalla wearables i den kunnskapen som klokkene og armbanda samlar om brukarane. Og det er ikkje gjeve at den kunnskapen alltid kjem til å vere i hendene på folk som vil oss vel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement