Skyt først, les etterpå

Vi må kunne vente at politikarar les ei utgreiing før dei skyt ho ned, meiner samfunnsforskar Cathrine Holst.

Publisert

I Noreg har det vore eit breitt akseptert prinsipp at politikk i høg grad skal byggje på fagkunnskap. NOU-ar og andre offentlege utgreiingar har vore viktige som grunnlag for det politiske ordskiftet. No er det teikn til at dette prinsippet er under press. I fjor vart arbeida til ei rekkje offentlege utval torpederte svært tidleg og i nokre høve før rapportane var leverte.

«Senterpartiet var så kjapt ute med å parkere domstolsutvalget og vindkraftskatteutvalget at man kunne mistenke partiet for å ha superkrefter. Eventuelt å ikke ha lest rapportene», skreiv Trine Eilertsen i Aftenposten 25. desember. Regjeringspartia var sjølve tidleg ute i andre saker: Høgre, Venstre og Frp skaut ned ideen om grunnrenteskatt på lakseoppdrett mange månader før havbruksskatteutvalet kom med tilrådingane sine. Og både Geir Pollestad i Senterpartiet og sjølvaste politidirektøren rykte ut mot avkriminalisering av narkotikabruk før rusreformutvalet hadde lagt fram rapporten sin.

Del av krinslaupet

Tidlege åtak på offentlege utval er ikkje noko ukjent fenomen, og truleg er desse døma for få til å slå fast at vi har med ein trend å gjere. Men det er grunn til å vere på vakt, meiner Cathrine Holst, som er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO. Ho har mellom anna forska på ekspertrolla til forskarar i offentlege utval og har vore med på å lage ein database over alle NOU-ar som er skrivne.

– Vi må skilje mellom ulike typar kritikk av utvala. Om dei folkevalde meiner at konklusjonane i ei utgreiing er feil, at utvalet er skeivt sett saman, eller at mandatet for utgreiinga er for snevert, skal dei sjølvsagt seie frå. Men det er ein god ting om politikarane faktisk tek seg tid til å sjå på utgreiinga før dei avviser ho, seier Holst.

– I det norske demokratiet og styringssystemet er utgreiingane ein viktig del av krinslaupet. Eg håpar folk tenkjer over korleis systemet blir om ein ikkje respekterer denne delen. Eg veit ikkje om det faktisk er ein tendens i den retninga. Men om det skjer, er det ein uting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement