Skulepolitikarar ventar seg endringar– Det rimar dårleg med djuplæring, forståing og danningsoppdrag å fjerne viktige hendingar og tema frå læreplanane, seier Roy Steffensen (Frp), leiar for utdanningskomiteen på Stortinget.

– Det rimar dårleg med djuplæring, forståing og danningsoppdrag å fjerne viktige hendingar og tema frå læreplanane, seier Roy Steffensen (Frp), leiar for utdanningskomiteen på Stortinget.

Publisert

Stortinget har vedteke føringane for fornyinga av læreplanane i norsk skule som no går føre seg. Skulepolitikarar frå både Ap og Frp meiner dei førebelse skissene til nye læreplanar i samfunnsfag, historie, geografi og samfunnskunnskap ser ut til å gå for langt.

Roy Steffensen i Frp leiar utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Han syner til at regjeringa i stortingsmeldinga om fornyinga eksplisitt skreiv at føremålet med å fornye faga var «å gi elevene mer dybdelæring og bedre forståelse. I tillegg vil den gi skolens brede dannelsesoppdrag en tydeligere plass i skolehverdagen».

– Eg meiner personleg det rimar dårleg med djuplæring, forståing og danningsoppdrag å fjerne viktige, konkrete hendingar og tema, seier han.

Sentrale tema

Steffensen syner til at skulen skal vere både ein dannings- og ein læringsarena.

– Dei viktigaste hendingane som har forma samfunnet gjennom hundreåra, må alle lære om. Det meiner eg er spesielt viktig i dag, for å unngå at ekstreme politiske og religiøse krefter riv ned dei tradisjonane og verdiane samfunnet vårt byggjer på.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel