JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

#Skulenòg

Jenter får nedlatande og sexistiske sleng­kommentarar frå gutar på skulen dagleg. Metoo nådde aldri skulen, meiner tre av dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jentene frå Si;D-innlegget i Aftenposten skal halde appell på kvinnedagen under parolen «Jeg går på skole, ikke kall meg hore – stopp sexismen». Biletet er teke 8. mars 2018.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

3043
20190308
3043
20190308

Eg er på veg opp trappa i Oslo Spektrum etter ein konsert, og vi står så tett at det kan verke som alle 10.000 konsertgjestane skal ut døra på éi og same tid. Eg har veninna mi på høgre side, og kjærasten hennar framom meg. Eg må konsentrere meg om å få plassert føtene på trappestega når ein stor neve plutseleg snik seg opp mellom låra mine og tek godt tak.

I sjokk, klar med både glosar og knyttneve full av store, piggete ringar, vrir eg meg 90 grader. Men neven er borte, og endå vi framleis står som sild i tønne, ser eg ikkje nokon.

– Såg du det, spør eg venninna mi.

– Eg såg at du skvatt, seier ho.

Når eg forklarer henne kva som hende, svarar ho:

– Fy faen, det er jo så barnsleg!

Dette er etter metoo. Eg tek meg likevel i å tenkje at sist det var om å gjere for gutar å ta flest mogleg jenter på rumpa og i andre intimsoner i friminuttet, var på ungdomsskulen.

I Si;D-spalta i Aftenposten denne veka skreiv tre jenter på 14 år at metoo aldri nådde skulen. Dagleg må jenter på ungdomsskulen tole å verte kalla «hore», «pulbar» og «billeg» av gutar i same aldersgruppe. Det kan starte alt på barneskulen. Gutane veddar om storleiken på brysta til jentene, tek på dei utan lov og kan finne på å fortelje dei at dei fortener å verte valdtekne, ifølgje ein artikkel i same avis. Seier jentene frå til læraren, får dei beskjed om at gutane ikkje meiner noko med det. Det er berre slik dei er. No vil jentene bak innlegget halde appell på kvinnedagen, 8. mars, under parolen: «Jeg går på skole, ikke kall meg hore – stopp sexismen.»

– Det handlar òg om at det ikkje er bra om gutane tek med seg denne kulturen vidare i arbeidslivet, seier jentene til Aftenposten.

Og her ligg kjernen; Hittil har ein sett på metoo som ei rørsle som handlar om kvinner over ein viss alder. Men korleis skal ein kunne vente at gutar og menn forstår kva som er greitt og ikkje, dersom ingen har lært dei det? Kan vi vente at gutar, og jenter, som trur det er greitt å kalle andre hore og homo, og trakassere dei på andre måtar, sjølv om dei ikkje er gamle nok til å skjøne kva dei eigentleg gjer, sluttar med det av seg sjølv?

Jentene i Si;D-innlegget etterlyser meir samtale rundt temaet. Dei vil lære om kjønnsroller på skulen, seier dei, og får støtte hos Hanne Størset i 8. marskomiteen. Ho meiner vi treng betre seksualundervisning.

Eg vert sitjande og tenkje, og kan ikkje hugse at eg på skulen min, for litt over ti år sidan, eingong fekk lære å tre eit kondom på ein banan. Kjønnsroller var det ingen som nemnde med eit ord.

Og i trappa på veg ut av Oslo Spektrum tvilar eg på at mannen som hang fast i handa som for nokre minutt sidan var godt planta i skrittet mitt, har lært seg korleis han skal te seg mot kvinner.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korleis skal ein kunne vente at gutar og menn forstår kva som er greitt og ikkje, dersom ingen har lært dei det?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis