Skulenedlegginga i Innlandet kjem til å koste Arbeidarpartiet dyrt, trur varaordførar Bjørn Ola Aukrust i Lom.

Utdanningsforbundet Innlandet heldt demonstrasjon mot nedleggingsplanane på Hamar denne veka. Onsdag vedtok fylkestinget å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestader i Innlandet.
Utdanningsforbundet Innlandet heldt demonstrasjon mot nedleggingsplanane på Hamar denne veka. Onsdag vedtok fylkestinget å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestader i Innlandet.
Publisert

Onsdag kom vedtaket i Innlandet fylkesting: To vidaregåande skular og fire skulestader i fylket, med kring 700 elevar til saman, skal leggast ned. 30 røysta for nedlegging, 27 imot. Fylkesordførar Thomas Breen og Arbeidarpartiet fekk saka gjennom saman med Høgre og MDG, trass i sterk motstand frå mange Ap-politikarar i kommunane.

Den vidaregåande skulen i Lom, med kring 100 elevar, var blant dei som fekk dødsdommen. Når Dag og Tid ringer Bjørn Ola Aukrust, varaordførar i Lom for Arbeidarpartiet, er han på veg heim frå Hamar onsdag. Han er framleis sint.

– Dette vedtaket er eit svik og eit stort demokratisk problem. Arbeidarpartiet i fylket sviktar det folket som har valt dei, seier Aukrust.

– Hadde du håp om eit anna utfall i dag?

– Nei. Fram til sist fredag hadde eg eit lite håp om at saka skulle bli utsett, men det håpet var ute no. Dette har vore ein skinprosess, og Ap-leiinga i fylket har brukt partipisken for å få gjennom vedtaket sitt. Fleirtalet i fylket har valt å ignorere 90 prosent av høyringsinnspela i saka.

– Kva inneber nedleggingsvedtaket for Lom?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement