Utdanning
Skule i ubalanse
Lektor Jørg Arne Jørgensen meiner all merksemda om psykisk helse i skulen er i ferd med å verte ein hemsko for utvikling og læring. Han er ikkje åleine om å meine det.
Presentasjonar og føredrag er blant læringsaktivitetane stadig fleire elevar slepp unna fordi dei opplever det som ubehageleg, ifølgje lektor Jørg Arne Jørgensen.
Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB
Stadig fleire unge rapporterer at dei slit med psykiske plager, og ifølgje både forskarar og det elevar sjølv svarar i spørjeundersøkinga Ungdata, er skulerelatert stress ein viktig faktor. Skulen vert av mange også sett som ein viktig arena for å førebyggje psykiske plager.
Difor vert det utarbeidd handlingsplanar for arbeidet med den psykiske helsa til elevane, skulane arrangerer temadagar om psykisk helse og markerer verdsdagen for psykisk helse.
I dei nye læreplanane som kom i fjor, vart «livsmeistring» innført som tverrfagleg tema – eit tiltak som har fått brei støtte, men som òg er kritisert for å leggje for stort ansvar for psykisk helse på enkeltindivid og for å gjere læraren til hobbypsykolog.
Lektor og religionshistorikar Jørg Arne Jørgensen er blant dei som spør seg om ikkje merksemda på psykisk helse i skulen tek til å verte trekt for langt. I ein gjestekommentar som stod på trykk i Stavanger Aftenblad nyleg, argumenterer han for at all vekta på korleis eleven har det, kor motivert han er, og kor trygg han kjenner seg, er i ferd med å verte ein hemsko for utvikling og læring.
Innovervend
Jørgensen syner til at stadig fleire elevar slepp læringsaktivitetar dei opplever som ubehagelege, som å halde føredrag eller å snakke høgt i timen, og at elevsamtalar no ofte vert pensa over på å handle om korleis eleven «har det», og mindre om fag og skulearbeid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.