Skuldingar mot Gud: Tvilen har råka meg
I 4. klasse vart Eskil Skjeldal kristen. Sidan vart han prest. No har tvilen råka han. I denne spalta skriv Eskil Skjeldal om tvilen han har fått på den guden han har trudd på i tretti år.
Dei siste to åra har det opna seg ein avgrunn i meg. Trua er truga. Eg har mist utsynet. Når myrkret la seg over meg, vart tilhøvet til Gud sett på prøve, endå ein gong. Dette er ikkje uventa: Om du trur at Gud finst og elskar oss fordi han har skapt oss, så trur du òg at han kan hjelpe deg når noko er vondt. Slik er den kristne guden, både i kyrkja og i Bibelen.
Ein depresjon dreg ofte med seg andre kriser. Einsemda mi har pirka borti ei anna einsemd, ein tvil eg har levd med heilt sidan eg vart ein kristen: Bryr Gud seg eigenleg om meg? Kvifor hjelper han ikkje når avmakta grip meg?
I fire år var eg prest. Eg såg at alle sleit med sitt. Livet er uføreseieleg. Er du prest, vert det forventa at du leitar fram eit ljos i myrkret. I ei gravferd må du freiste å lyfte fram ei strime av von, midt i myrkret. Den overleverte trua. Vona i sorga.
Men no har altså tvilen råka meg. Eg er uroa for trua mi: At Gud er ein allmektig skapar, at Jesus verkeleg døydde og stod opp att, og at Gud vann over vondskapen. For kva med lidinga? Ho kjennest sterkare enn Gud. Lidinga vitjar oss alle, Gud vitjar dei færraste. Lidinga held deg fast, kanskje i fleire år.
Kvifor grip ikkje Gud inn? Han som skal vere kjærleik, slik det står i Bibelen? Om han har skapt oss alle, elskar oss høgast, men ingenting skjer: Kanskje kan han ikkje likevel? Då er han vel ikkje allmektig? Det er patetisk å klage til Gud over livet mitt når eg ikkje har det verre enn eg har det: Borna er friske. Eg har det materielt sett godt. Mange menneske i verda lever liv som er så vonde at eg ikkje kan skjøne det. Og eg har aldri trudd at Gud skulle gripe inn konkret i livet mitt når eg treng det. Å tru det er naivt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.