Skrotstrid i Nordsjøen

Tyskland protesterer mot at britane vil late Shell forlate installasjonar med olje innanbords. Striden kan få følgjer også på norsk sokkel.

«Brent Delta» er ei av dei fire omstridde Shell-plattformene på Brent-feltet. Overbygget er alt kappa av og teke til lands. Shell vil late betongfundamenta stå att i sjøen, og det har vekt internasjonale protestar.
«Brent Delta» er ei av dei fire omstridde Shell-plattformene på Brent-feltet. Overbygget er alt kappa av og teke til lands. Shell vil late betongfundamenta stå att i sjøen, og det har vekt internasjonale protestar.
Publisert

Havet har lenge vore den store søppelbøtta for menneska: ute av syne, ute av sinn. Men det er nye tider, og no står det eit miljøpolitisk slag i Nordsjøen. På naturvernsida står Tyskland med sine allierte på kontinentet, på andre sida står Storbritannia, med oljelandet Noreg som lågmælt væpnar. Kort fortalt står konflikten om dette: Kor mykje industriskrot og oljeavfall skal det vere lov å forlate i havet?

Striden dreiar seg om fire Shell-plattformer på Brent-feltet nordaust for Shetland. Feltet kom i produksjon i 1976 og er ikkje lenger lønsamt å drive. Shell vil ta av plattformdekka og frakte dei til lands til opphogging, men har søkt om å få late fundamenta bli ståande på havbotnen for å verte brotne ned av naturkreftene. I februar sa den britiske regjeringa ja til søknaden. I april sende den tyske regjeringa eit skarpt klagebrev til britane om saka, og tyskarane har no fått støtte frå Sverige, Belgia, Nederland og Luxembourg, skreiv The Guardian sist veke. Også EU-kommisjonen har kritisert Storbritannia for avgjerda.

Dyrt for Shell

– For operatøren Shell er det mykje større kostnader ved å reinse eller fjerne understellet. Difor prøver dei å sleppe frå det, seier Audun Martinsen, som leiar avdelinga for oljeserviceanalyse i konsulentselskapet Rystad Energy.

– Og britane ønskjer at det framleis skal bli investert i dei eldre plattformene på britisk sokkel. Det kan drepe investeringsviljen og verdiskapinga i britisk sektor om oppryddinga blir for dyr. Tyskland ser derimot meir på miljøomsynet. Betongstrukturane kan bli ståande i fleire hundre år, men det er alltid ein risiko for lekkasje. Og det er ein del miljøfarlege stoff inni dei, seier Martinsen.

At Noreg på si side støttar britane, er ikkje så rart: Utfallet av denne saka kan få konsekvensar også for oppryddinga på norsk sokkel, der fleire gamle plattformer med betongfundament skal skrotast dei neste åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement