Skrotstrid i Nordsjøen
Tyskland protesterer mot at britane vil late Shell forlate installasjonar med olje innanbords. Striden kan få følgjer også på norsk sokkel.
«Brent Delta» er ei av dei fire omstridde Shell-plattformene på Brent-feltet. Overbygget er alt kappa av og teke til lands. Shell vil late betongfundamenta stå att i sjøen, og det har vekt internasjonale protestar.
Illustrasjon: Shell
Miljø
peranders@dagogtid.no
Havet har lenge vore den store søppelbøtta for menneska: ute av syne, ute av sinn. Men det er nye tider, og no står det eit miljøpolitisk slag i Nordsjøen. På naturvernsida står Tyskland med sine allierte på kontinentet, på andre sida står Storbritannia, med oljelandet Noreg som lågmælt væpnar. Kort fortalt står konflikten om dette: Kor mykje industriskrot og oljeavfall skal det vere lov å forlate i havet?
Striden dreiar seg om fire Shell-plattformer på Brent-feltet nordaust for Shetland. Feltet kom i produksjon i 1976 og er ikkje lenger lønsamt å drive. Shell vil ta av plattformdekka og frakte dei til lands til opphogging, men har søkt om å få late fundamenta bli ståande på havbotnen for å verte brotne ned av naturkreftene. I februar sa den britiske regjeringa ja til søknaden. I april sende den tyske regjeringa eit skarpt klagebrev til britane om saka, og tyskarane har no fått støtte frå Sverige, Belgia, Nederland og Luxembourg, skreiv The Guardian sist veke. Også EU-kommisjonen har kritisert Storbritannia for avgjerda.
Dyrt for Shell
– For operatøren Shell er det mykje større kostnader ved å reinse eller fjerne understellet. Difor prøver dei å sleppe frå det, seier Audun Martinsen, som leiar avdelinga for oljeserviceanalyse i konsulentselskapet Rystad Energy.
– Og britane ønskjer at det framleis skal bli investert i dei eldre plattformene på britisk sokkel. Det kan drepe investeringsviljen og verdiskapinga i britisk sektor om oppryddinga blir for dyr. Tyskland ser derimot meir på miljøomsynet. Betongstrukturane kan bli ståande i fleire hundre år, men det er alltid ein risiko for lekkasje. Og det er ein del miljøfarlege stoff inni dei, seier Martinsen.
At Noreg på si side støttar britane, er ikkje så rart: Utfallet av denne saka kan få konsekvensar også for oppryddinga på norsk sokkel, der fleire gamle plattformer med betongfundament skal skrotast dei neste åra.
Olje i beina
At ein skal rydde opp etter seg når eit arbeid er ferdig, er eit godt prinsipp. Men når det gjeld offshoreindustri, er det aksept for at det kan vere best å late utrangerte installasjonar stå. Dette er òg nedfelt i OSPAR-konvensjonen, ein internasjonal avtale som skal verne det marine miljøet i Nord-Atlanteren. Sidan 1998 har hovudregelen i OSPAR rett nok vore at gamle installasjonar på nedlagde felt skal fjernast fullt og heilt og hoggast opp. Men konvensjonen gjev opning for å etterlate dei aller tyngste installasjonane. Dette har pragmatiske grunnar: Det er risikabelt, energikrevjande, uhyre vanskeleg og uhorveleg dyrt å heve fundamenta og frakte dei til lands.
Men det er ikkje først og fremst sjølve etterlatinga av plattformfundamenta den tyske regjeringa protesterer mot. OSPAR tillèt ikkje at ein etterlèt seg installasjonar med innhald som kan gjere skade på økosystema i havet, og lagercellene og beina i Shell-plattformene inneheld kring 640.000 kubikkmeter oljehaldig vatn og 11.000 tonn råolje. (Til samanlikning: Kring 9000 tonn olje lak ut i sjøen ved Bravo-utblåsinga i 1977.) I tillegg meiner den tyske regjeringa at dei etterlatne fundamenta kan utgjere ein fare for skipstrafikken.
Statssekretær Jochen Flasbarth i det tyske miljøverndepartementet stilte seg heilt uforståande til den britiske haldninga i eit intervju i The Guardian sist veke. «Vi samarbeider vanlegvis tett med Storbritannia i miljøspørsmål. Båe land er svært opptekne av tilstanden i hava våre. Og så skal de berre forlate tusenvis av tonn med ureina vatn i Nordsjøen? Eg forstår det ikkje», sa Flasbarth.
Farleg avfall
Den britiske regjeringa har på si side slutta seg til utgreiingane frå Shell, som konkluderte med at den beste løysinga var å late plattformene stå. Men den tyske regjeringa nøydde seg ikkje med grunnlagsarbeidet frå selskapet, og tinga ein eigen konsulentrapport om saka. Han var svært kritisk til konklusjonane til Shell og peika på andre løysingar som ville vere betre for miljøet. Også EU-kommisjonen slutta seg i sommar til delar av kritikken. Innhaldet i lagercellene er å rekne som farleg avfall ifølgje EU-lovverket, påpeika Karmenu Vella, EU-kommissær for miljø, maritime spørsmål og fiskeri, i eit brev til den britiske miljøvernministeren. «Det er utan tvil betre måtar å handtere avfallet i plattformene på Brent-feltet på enn å late det liggje», skreiv Vella og oppmoda den britiske regjeringa om å revurdere saka.
Avviklinga av Brent-feltet kjem til å bli tema på eit konsultasjonsmøte i OSPAR-konvensjonen i London 18. oktober. Så langt har britane i det minste ein alliert. Den tyske regjeringa sende i vår ut brev om handsaminga av Shell-plattformene til dei 14 andre statane som har slutta seg til OSPAR. Ein av dei har støtta det britiske synet: Noreg. 10. juli i år svarte klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) slik på brevet frå den tyske kollegaen sin: «Ut frå den tilgjengelege informasjonen støtta Noreg framlegget til den britiske regjeringa om å tillate at dei nemnde plattformene og materiala blir etterlatne på staden.»
Over til OED
Det norske standpunktet vart ikkje grunngjeve i brevet. Dag og Tid bad om å få ei utdjuping frå Ola Elvestuen, sidan det var han som svarte på den tyske førespurnaden, men det fekk vi ikkje. I staden kom det svar frå Olje- og energidepartementet. «Det blir OED-statsråden som uttaler seg i denne saken, ettersom saken ligger under oss», skriv kommunikasjonsrådgjevar Peder Qvale i eit e-brev.
Men heller ikkje olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg gjev noka utdjuping av den norske vurderinga av Brent-saka, eller kvifor den norske regjeringa ser annleis på dette enn den tyske regjeringa.
«Når det gjelder spørsmål om detaljer i saken må de rettes til de involverte aktørene i Storbritannia som er ansvarlige for å behandle den. Departementet har tillit til at britiske myndigheter vil behandle denne saken på en god og forsvarlig måte. Norge har gitt en uttalelse om saken. Hvilke uttalelser andre land har gitt og hvorfor, må de selv svare for», skriv Freiberg i svaret til Dag og Tid.
Norsk betong
At Noreg og Storbritannia finn saman i denne saka, er ikkje så overraskande. I 1990-åra var dei to største oljelanda ved Nordsjøen òg mot at OSPAR-konvensjonen skulle inkludere eit krav om ilandføring av utrangerte oljeinstallasjonar. Standpunktet til Ap-regjeringa i 1995, med Jens Stoltenberg som olje- og energiminister, var at dumping av gamle oljeinstallasjonar i havet var akseptabelt, og at kvar utrangerte plattform skulle vurderast for seg. Men Bondevik-regjeringa slutta seg i 1998 til prinsippet om full opprydding, med det nemnde unnataket for dei tyngste installasjonane.
Både Noreg og Storbritannia har mykje å tape dersom krava til opprydding på sokkelen skulle bli skjerpa. Dette har dels med norsk ingeniørkunst å gjere: I 1970-åra vart Condeep-konseptet utvikla i Noreg. Det var enorme konstruksjonar i betong, laga for å kvile på havbotnen med si eiga tyngd og slett ikkje konstruerte for å verte heva og flytta på når dei var utplasserte. Mellom 1973 og 1995 vart tolv slike installasjonar sette ut på norsk sokkel, og like mange står på britisk sokkel – inkludert tre av dei omstridde fundamenta på Brent-feltet.
«Avgrensa risiko»
Heldigvis for Noreg og Storbritannia krev altså ikkje OSPAR-regelverket at desse kolossane skal hentast opp. Og avviklinga av dei eldre installasjonane på norsk sokkel er i gang for lengst: Dekket på Frigg-plattforma er kappa av og dei massive betongbeina står att, den kolossale Ekofisk-tanken står ribba for utstyr og er tømt for olje, og Equinor har planane klare for avviklinga av Statfjord A-plattforma, der produksjonen skal ta slutt i 2022. Også der er planen å etterlate understellet i sjøen.
Det kjem til å vere olje att i botnslammet i lagercellene på plattforma, vedgår selskapet i konsekvensutgreiinga, men Equinor vurderer miljørisikoen som liten, og skriv: «(...) betongunderstellet inkludert lagercellene vil bestå i flere hundre år før vesentlige skader eller kollaps oppstår. I løpet av en slik periode kan det antas at det vesentligste av oljekomponenter i bunnslammet er nedbrutt, og at eventuelle rester vil være tyngre komponenter som vil medføre begrenset negativ miljørisiko grunnet lave mengder.»
I utgreiinga argumenterer Equinor for at det klart beste er å etterlate understellet i Nordsjøen. At dette er den beste løysinga for Condeep-strukturane, var òg konklusjonen i ein rapport som Oljedirektoratet laga i 2012. Men det er ikkje gjeve at alle andre land vil vere samde i dette.
Risiko for Noreg
Den norske støtta til Storbritannia i striden om avviklinga på Brent-feltet må sjåast i lys av interessene til Noreg som oljenasjon, meiner Audun Martinsen i Rystad Energy.
– På norsk sokkel er det fleire store, gamle betongkonstruksjonar, og oppryddinga er ei økonomisk bør. Om krava til opprydding blir strengare og kostnadene for store, blir det vanskeleg å få selskapa til å ta operatørskap på nye felt. Det er eit signal til selskapa om at dei ikkje bør investere her. Difor gjev Noreg støtte til Storbritannia.
– Kan striden om Brent-plattformene til Shell få relevans for Noreg?
– Det trur eg. Om Tyskland set hardt mot hardt overfor Storbritannia, kan det innebere ein risiko for Noreg. Strengare krav kan bli ein spikar i kista for framtidige investeringar i olje og gass på norsk sokkel.
– Kor reine kan ein få betonginstallasjonane innvendig før ein forlèt dei?
– Det er ikkje mogleg å få dei 100 prosent reine, det er snakk om å redusere mengda mest mogleg. Ein kan få det ganske reint, men det er alltid litt olje eller kjemikal som ikkje går bort. Men er det verre enn ureining frå til dømes skipsfart? Det er ikkje så sikkert. Og det finst studiar frå mellom anna USA som tyder på at etterlatne plattformer kan fungere som kunstige rev og føre til meir liv i sjøen, seier Martinsen.
Riggparadoks
Det siste er ei paradoksal side ved oljeindustrien: Faste oljeinstallasjonar i havet fungerer i praksis som rev alt medan dei er i drift. Fisk samlar seg kring plattformene, og organismar som korallar og svampar festar seg til fundamenta. I tillegg gjev strukturane vern mot trålfiske. I Mexicogolfen har over 500 utrangerte oljeplattformer blitt omdefinerte til permanente rev, og resultata ser ut til å vere gode. Det er heller ikkje alltid gjeve kva ein skal sjå på som industriavfall. I Noreg har nokre av oljeinstallasjonane gått inn i kulturarven: Ekofisk-installasjonane vart erklærte som kulturminne av Riksantikvaren i 2005.
Kunnskapen så langt tyder ikkje på at dei forlatne betongstrukturane ute på norsk sokkel er eit stort miljøtrugsmål, så lenge olje og anna skadeleg avfall blir fjerna på forsvarleg vis. Derimot kan oppryddinga på gamle oljefelt og plugginga av brønnane bli ei tung økonomisk bør for Noreg i tiåra som kjem, og dei kostnadene kan kome til å tære på sjølvaste Oljefondet. Men det kjem vi attende til i neste utgåve av Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om Tyskland set hardt mot hardt overfor Storbritannia, kan det innebere ein risiko for Noreg.
Audun Martinsen, Rystad Energy
Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB